Schmadribachfall
Schmadribachfall er ein foss i Lauterbrunnen i kantonen Bern i Sveits.
Schmadribachfall | |||
foss | |||
Måleri av Joseph Anton Koch (1821/1822). Biletet er ustilt i Neuen Pinakothek München
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Kanton | Bern | ||
Kommune | Lauterbrunnen | ||
Fossetype | Segmentert hestehale | ||
Elv | Schmadribach | ||
Høgd over havet | 1950 moh | ||
Totalt fall | 366 m | ||
• Lengste fall | 274 m | ||
• Midla breidd | 23 m | ||
Middelvassføring | 7 m³/s | ||
Tal på fall | 3 | ||
Schmadribachfall 46°30′41″N 7°54′29″E / 46.5113°N 7.90806°E |
Fossen starta som ein stor hestehalefoss og fell om lag 300 meter ut frå eit stort isbreområde, som gjev vatn til elva Schmadribach, som dannar fossen. Fossen følgjer så eit naturleg gjel og fell i ytterlegare to fall på kring 60 m. Det totale fallet til fossen er estimert til 366 meter.
Vassføringa i fossen varierer stort gjennom året og er størst på varme dagar om sommaren då snø- og issmeltinga er størst.