SOAS, University of London
SOAS, University of London eller School of Oriental and African Studies er eit universitet i sentrale London som blei grunnlagd i 1916 som del av University of London. Dei viktigaste faga ved SOAS er humaniora, politikk, rettsvitskap, kultur og språk i tilknyting til Afrika, Midtausten og Asia. Det er den einaste høgare utdanningsintitusjonen som spesialiserer seg på desse områda.
SOAS, University of London | |||
| |||
Motto | Knowledge is Power | ||
---|---|---|---|
Grunnlagt | 1916 | ||
Stad | London Borough of Camden | ||
Studentar | 6 295 (2021) | ||
Medlemskap | ORCID | ||
Nettstad | https://soas.ac.uk (britisk-engelsk) | ||
SOAS 51°31′19″N 0°07′44″W / 51.52205°N 0.129°W |
Skildring
endreUniversitet har hovudcampus er ved Russell Square i bydelen Bloomsbury, saman med systeruniversitetet University College London. I 2001 opna det også ein campus ved Vernon Square i bydelen Islington ikkje så langt unna.
Universitetet tilbyr over 300 grunnutdanningar og over 100 vidare utdanningar. SOAS får jamleg rang blant dei ti beste universiteta i Storbritannia innan emne som arkeologi, historie og rettsvitskap. Mellom anna tilbyr universitetet undervising i ei rekkje ikkje-europeiske språk. SOAS har rundt 300 akademiske tilsette.
Det er knytt to galleri til universitetet. The Percival David Foundation of Chinese Art har ei av dei mest omfattande samlingane av kinesisk keramikk og porselen i Europa. Brunei Gallery har ei vidfemnande samling med samtidige og historiske gjenstandar frå Afrika, Midtausten og Asia.
Framståande personar knytt til universitetet
endreStudentar
endre(utval)
- Salahuddin av Malaysia, konge av Malaysia 1999-2001.
- Mette-Marit, kronprinsesse i Norge.
- Anthony Brooke rajah muda av Sarawak.
- Prinsesse Maria Laura av Belgia
- Luisa Diogo, statsminister i Mosambik.
- Bülent Ecevit, statsminister i Tyrkia.
- John Atta Mills, president i Ghana.
- Paul Robeson, USA-amerikansk songar og aktivist
- Aung San Suu Kyi, burmesisk demoktratiforkjempar og nobelprisvinnar
Tilsette
endre- Jung Chang, kinesisk forfattar (også student her)
- Michel Hockx, professor i moderne kinesisk, leiar i British Association of Chinese Studies.
- Reginald Johnston, privatlærar for den siste keisaren frå Qingdynastiet, Puyi.
- Göran Malmqvist, svensk sinolog
- Lao She, kinesisk forfattar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «SOAS, University of London» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2014.