Scotiahavet er eit randhav til Sørishavet som ligg nord for Antarktishalvøya. Det vart namngjeve i 1932 etter ekspedisjonsskipet «Scotia» som vart nytta under Scotia-ekspedisjonen (1902–04) i dette området.[1] Scotiahavet grensar i nord til Eldlandet og Falklandsøyane, i vest til Drakesundet, i aust til øygruppene Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane og i sør av Sør-Orknøyane og Antarktishalvøya. Delar av området utgjer Scotiaplata, og delar ligg over kontinentalsokkelen til Sør-Amerika. Havet dekker eit areal på cirka 900 000 km² med ei gjennomsnittsdjupne på cirka 4 500 m og største djupne på cirka 5 840 m.[1]

Scotiahavet
hav
Del av Sørishavet, Sør-Atlanterhavet
Kart
Scotiahavet
57°30′S 40°00′W / 57.5°S 40°W / -57.5; -40
Wikimedia Commons: Scotia Sea
Oversiktskart over Scotiahavet

I 1916 gjennomførte den britiske polarforskaren Ernest Shackleton saman med fire andre ekspedisjonsmedlemmer ei reise over Scotiahavet etter at fartøyet deira «Endurance» hadde blitt knust i isen. Mannskapet brukte to veker på å krysse Scotiahavet frå Elefantøya til Sør-Georgia i den opne livbåten «James Caird».

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

57°30′S 40°00′W / 57.500°S 40.000°W / -57.500; -40.000