Scream av Sergej Lazarev

«Scream»
Song av Sergej Lazarev
Land Russland
Språk Engelsk
Utgjeve 9. mars 2019
Sjanger Symfonisk pop, kraftballade
Lengd 02:58
Selskap Rossija 1
Komponist Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos
Tekstforfattar Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos
Låtskrivar(ar) Sharon Vaughn, Dimitris Kontopoulos, Filipp Kirkorov

«Scream» (norsk 'skrik') er ein engelskspråkleg popsong med den russiske popartisten Sergej Lazarev. Songen er skriven av Sharon Vaughn og den greske låtskrivaren Dimitris Kontopoulos. Sistnemnde produserte songen saman med den russisk-bulgarske musikkmogulen Filipp Kirkorov. «Scream» vart utgjeven for sal og strøyming 9. mars 2019, og den var det russiske bidraget i Eurovision Song Contest 2019.[1][2]

Eurovision Song Contest

endre
 
Sergej Lazarev framfører «Scream» under ei av prøvene før den andre semifinalen i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv.

Songen og artisten vart internt valde av den russiske kringkastaren VGTRK sin hovudkanal Rossija 1 til å representere landet. Songen er ein symfonisk kraftballade, og Moskvas symfoniorkester har bidrege på innspelinga.[2]

Lazarev deltok òg i Eurovision Song Contest 2016 i Stockholm, der han vart nummer tre med poplåten «You Are the Only One».

I januar 2019 vart Russland trekt til å delta i den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen vart arrangert i Expo Tel Aviv i Israel torsdag 16. mai, og «Scream» hadde startnummer 13. I avrøystinga vart «Scream» blant dei ti beste bidraga i semifinalen, og kvalifiserte seg til finalen laurdag 18. mai.[3]I finalen enda songen på tredjeplass bak Italia og vinnaren Nederland.[4]

Kjelder

endre
  1. «‎Scream by Sergey Lazarev» (på engelsk). Henta 31. mars 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Sergey Lazarev returns to Eurovision with 'Scream' for Russia». Henta 31. mars 2019. 
  3. «Second Semi-Final: Last 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  4. «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.