Sealer Hill
Sealer Hill er ein ås med ei høgd opp mot 70 moh sørvest på Byers Peninsula på Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Han ligg oppom Nikopol Point og Sevar Point i høvesvis aust-søraust og vest-sørvest. Området vart nytta av selfangarar på 1800-talet.
Sealer Hill | |||
ås | |||
Plasseringa til Byers Peninsula, Livingston Island i Sør-Shetlandsøyane.
| |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Livingston Island | ||
• høgd | 70 moh. | ||
- koordinatar | 62°40′09.7″S 61°06′52.1″W / 62.669361°S 61.114472°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Sealer Hill 62°40′10″S 61°06′52″W / 62.6694°S 61.1145°W | |||
Åsen fekk dette namnet etter geologisk arbeid av BAS i 1975-76, fordi det låg minst tre primitive steinhytter her, bygd av selfangarar nedanom åsen. Åsen ligg 1,28 km vest-nordvest for Nikopol Point, 1,83 km aust-nordaust for Sevar Point, 3,49 km nord for Devils Point, 2,8 km søraust for Point Smellie, 4,07 km sørvest for Basalt Lake og 3,96 km sør-sørvest for Chester Cone.