Sebrafisk
ferskvassfisk
Sebrafisk (Danio rerio) er ein art i karpefamilien som lever i aust i India. Han har langsgåande blå striper på grå botn og vert kring 5 centimeter lang. Hoene er tjukkare enn hannane. Sebrafisken er mykje nytta i forsking, særskilt i studiar av tidleg fosterutvikling, og er ein modellorganisme for ryggradsdyr.
Sebrafisk | |
Sebrafiskhoe | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Actinopteri |
Orden: | Karpefisk Cypriniformes |
Familie: | Danionidae |
Slekt: | Danio |
Art: | Sebrafisk D. rerio |
Vitskapleg namn | |
Danio rerio |
Sebrafisken lever i stim og er ein populær akvariefisk som trivst ved temperaturar på 20–25 °C.
Kjelder
endre«sebrafisk» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 31. desember 2016.
Denne biologiartikkelen som har med dyr å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.