Sechuraørkenen er ein kystørken nordvest i Peru. Han strekkjer seg over store delar av dei administrative regionane Piura og Lambayeque. Dette gjer ut for den breiaste delen av den peruanske kystørkenen. Sechura har ei flatevidd på 5000 km².

Sechuraørkenen
Land  Peru
Del av den peruanske kystørkenen
Areal 5 000 km²
Kart
sechuraørkenen
5°59′47″S 80°27′02″W / 5.9963055555556°S 80.450555555556°W / -5.9963055555556; -80.450555555556
Wikimedia Commons: Sechura Desert Ecoregion

Frå nord til sør har han ei maksimal lengd på rundt 150 km, og frå aust til vest ei maksimal breidd på omtrent 100 km. Han ligg mellom foten av den vestlege fjellkjeda av Andesfjella, og Stillehavskysten, der Sechurabukta er lengst nordvest. Denne ørkenen er eit tørt platå som består av materiale frå kenozoikum og har sparsam vegetasjon, med fleire lagunar. Vassmangel og ufruktbart jordsmonn har gjort området lite attraktivt for busetjing, bortsett frå i oasane ved munningane til elvane Piura i nord og Chancay-Lambayeque i sør, der jordbruk er mogleg. Nord for ørkenen finst det petroleumsførekomstar. Ørkenen ligg omtrent 55 km sørvest for byen Piura.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Sechuraørkenen