Den peruanske kystørkenen

Den peruanske kystørkenen strekkjer seg langs den peruanske kysten, frå Piura i nord til grensa mot Chile i sør. Dette er eit ørkenbelte med subtropisk, svært tørt ørkenklima, høg atmosfærisk fukt og svært sparsam vegetasjon. Unntaka er våtare område langs elvar som renn ned frå Andesfjella og kryssar ørkenen, og dei særeigne biologiske samfunna lomas, skapt av kystskodda garúa. Austgrensa av ørkenen inne i landet er ikkje vel definert, men er rekna å ligge i området 20 til 100 km frå kysten. Geografane gjev ørkenen eit mål på arealet varierande frå 80 000 til 144 000 km² avhengig av definisjon av ørkenområde.

Den peruanske kystørkenen
Økoregion
Sanddyner ved Huacachina i Ica-regionen
Del av stillehavsørkenen
Satelittbilete, Peru
Satelittbilete, Peru
Satelittbilete, Peru

Den peruanske kystørkenen er ein del av ein samanhengande økoregion, den andre delen er Atacamaørkenen i Chile. Som einskapleg ørken er denne kystørkenen nokre gongar kalla stillehavsørkenen som i sør grensar mot matorral i Chile. Den totale lengda langs kysten av stillehavsørkenen er ca. 3 500 km.

Avgrensing

endre
 
Ei kyststripe av Paracas-halvøya
 
Bratt dalside i Caravelí-provinsen i Arequipa-regionen
 
Frå Caravelí-provinsen i Arequipa-regionen

Regionen er eit smalt belte med økosystem, som strekkjer seg frå ekstrem ørken til xerofil buskvegetasjon, og ligg mellom Stillehavet og Andesfjella. Den peruanske kystørkenen strekkjer seg frå kysten og inn i den vestlege skråninga av Andesfjella, til ei høgd på ca. 1000 moh. Tusenmetersgrensa svarar til grensa for kystskodda som ikkje hever seg over denne høgda. Breidda på ørkenregionen varierer frå ca. 20 kilometer til opptil 100 km, særleg i departementa Piura og Ica.

Nordgrensa for ørkenregionen er naturleg rundt 4 °S, og nær grensa mot Ecuador. Nedbørsmengda som gjev overgang til subtropisk krattvegetasjon er aukande på nordsida. Sørgrensa for ørkenregionen (Atacamaørkenen) er definert som like nord for byen La Serena (~30 °S) der meir matoraltypisk vegetasjon tar over i sør.

Sechura-ørkenen er ein kystørken i lågt og flatt landskap i Piura og Lambayeque lengst nord i Peru. Han strekkjer seg ca. 100 km inn frå kysten og 150 km i nord-sør retning.

Terreng

endre

Ørkenen består av kupert terreng forma av Andesfjellas utløparar eller kystfjella, etterfølgd av flate sletter, sanddyner og platå. Han blir avbroten av sesongbaserte elvar gjennom dalføre frå Andes. Somme av desse elvane er vasskjelder for ein industriell landsbrukskultur med bomull, ris, sukkerrøyr, vinranker og oliventre.

Kystlinja består av sandstrender eller bratte klippar, med for det meste rette linjer og få bukter. Dei største buktene er Sechura og Paita i nord, Chimbote, Callao og ved Paracas sentralt.

Geomorfologi og jord i stillehavsørkenen

Den geomorfologiske utviklinga av kystørkenen inkludert Atacama er nært knytt til subduksjonen av Nazca-plata under den søramerikanske plata. Dette har ført til store endringar i landskapet, inkludert varierande hevingstaktar langs kysten i sein kenozoikum. Unntaket er nord-sentralkysten av Peru (6–14°S), som har vore stabil eller sokke sidan pliocen. Hevingstakten varierer frå 100–240 mm per 1 000 år i Nord-Chile til 740 mm per 1 000 år i Sør-Peru.

Nordvest-Peru

Kysten består av ei brei, lågtliggjande slette som strekkjer seg frå byen Casma i Ancash (9°28'S) mot Ecuador (3°20'S). Sechura-ørkenen, som dekkjer dette området, består av tørre sandsletter og aktive sanddyner og strekkjer seg over 100 km inn i landet. Sør for Chiclayo i Lambayeque (6°50'S) smalnar kystsletta til 20–50 km og blir prega av store alluviale vifter og elvedalar med djupe fluviale jordsmonn, som blir svært produktive med kunstig vatning.

Sentral-Peru

Frå Lima (12°S) til byen Pisco (13°50'S) forsvinn kystsletta, og den vestlege fjellkjeda av Andes dominerer landskapet. Elvar som Rímac og Chillón fell bratt frå Andes til kysten, og kystklippane rundt Lima når over 80 meter i høgd. Vidare sør held bratte kystrygger med marine terrassar fram til nær Pisco.

Sør-Peru

Frå den frodige sletta ved utløpet av elva Ocoña i Arequipa-regionen (16°30'S) til den chilenske grensa (18°24'S) blir kysten kjenneteikna av ei 20–30 km brei slette, avbrote av bratte ryggar som strekkjer seg frå Andesfjella til kysten. Her tillèt låg topografi at kysttåka treng langt inn i landet og bidreg til å spreie fukt.

Klima

endre

Kystørkenen mellom ~4 °S og ~30 °S har i hovudsak tre klimatiske kjenneteikn:

  • Ekstrem hyperariditet – Dette er ein av dei tørraste regionane i verda, med årleg nedbør som varierer frå under 2 mm til 15 mm, og enkelte område kan gå tiår utan målbar regn.
  • Sterk påverknad frå El Niño – Ekstreme vêrhendingar som El Niño kan føre til kraftig nedbør i nord, til dømes fekk byen Chicama i La Libertad 394 mm regn under hendinga i 1925–1926, samanlikna med eit normalt snitt på 4 mm.
  • Stabile temperaturar – Temperaturen langs den 3 500 km lange kysten varierer lite. Maksimumstemperaturen i januar ligg mellom 28 °C i nord og 24 °C i sør, medan minimumstemperaturen i juli varierer frå 14 °C til 9 °C. Temperaturen langs den peruanske kysten er lågare enn det som er vanleg for breiddegrada, den gjennomsnittlege temperaturen i Callao er 19,2 °C.

Den peruanske kystørkenen er prega av ekstrem tørke, som danna av ein kombinasjon av Perustraumen og Andesfjella. Perustraumen fører kaldt vatn nordover, noko som reduserer fukta i lufta før ho når land. Samtidig fungerer Andesfjella som ein barriere mot fuktige luftmassar frå Amazonas. I tillegg skaper ein stabil antisyklon over Sør-Stillehavet ein temperaturinversjon langs kysten, noko som resulterer i eit mildt og stabilt klima. Om vinteren blir det danna tjukke stratusskyer som kan nå opp til 1 000 meters høgd.

Dei tørre forholda har vore til stades i millionar av år, men opphavet er omdiskutert. Enkelte studiar daterer hyperariditeten tilbake til midtre miocen for 13–15 millionar år sidan, medan andre antydar ei seinare utvikling for rundt 3 millionar år sidan. Den gradvise oppbygginga av Andesfjella har saman med sørvestlege vindar bidrege ytterlegare til tørken.

Fukta frå kystskodde, kjent som garúa, gjev liv til unike økosystem kalla lomas. Desse tåkesonene er spesielt framståande der kystterrenget er bratt. Sjølv om det nesten ikkje reknar, er himmelen ikkje alltid klår; frå juni til november blir kystsona ofte dekt av eit tjukt skoddelag, eit anna av kjenneteikna til denne regionen.

Flora

endre
 
Landbruksareal skapt av vatning nær utløpet av elva Ocoña
 
Frå Lachay reservatet
 
Frå Lachay lomas i vintermånaden august med typisk kystskodda som gjer vegetasjonen frodig og grøn

Vegetasjonen i den peruanske kystørkenen består hovudsakleg av to typar plantesamfunn: elvenære biologiske samfunn og lomas-samfunn.

Langs kysten finst også område med grunnvatn, særleg nær elvemunningar, som blir påverka av sjøvatn. Desse salte områda dannar våtmarker med typiske plantar som saltsiv. Eit døme er Pantanos de Villa i Lima.

I sanddyner med grunnvatn[treng kjelde] i Piura og Lambayeque veks treslaget Prosopis pallida i erteblomfamilien som gjev treverk med høg brennverdi.

Elvenære økosystem

endre

Elvenær (riparisk) vegetasjon finst langs elvedalar som drenerer frå Andesfjella ned til kysten. Desse områda, som gav grunnlag for tidlege sivilisasjonar, har no vorte sterkt påverka av menneskeleg aktivitet, intensivt landbruk og innførte artar.

Lomas

endre

Lomas er oasar som er avhengig av skodde og finst i høgder mellom 200 og 1 500 moh. Desse biologiske samfunna (økosystema) blir stødd av kondens frå kystskodda og har ein rik flora, og mange er endemiske. Fleire treslag er registrerte. Om vinteren oppstår det spontan vegetasjon med urter, vill tobakk og artar i vendelrotslekta kan oppdagast.[1] Artsdiversiteten er også varierande over periodar av år og totalt sett lite skildra. Eit estimat frå 2011 for alle lomas totalt er på ca. 850 artar i 385 planteslekter og 83 familiar.[2]

Nordlege lomas: Den nordlegaste førekomsten finst ved Cerro Reque (6°52'S), men desse utviklar seg berre i fuktige år. Velutvikla lomas finnes ved Cerro Campana og Cerro Cabezón nær Trujillo. Her varierer vegetasjonen med høgda, frå Tillandsia-soner til buskar og fleirårige urter.

Lomas ved Lima: Lachay, 60 km nord for Lima, er den mest kjente lomas, kjent for artsrikdommen. Plantesamfunna varierer frå Nostoc cyanobakterier med lavartar under 300 moh. til buskar og skog i fuktige skråningar i høgare høgd. I tørre skråninga veks ananasplantar.

Sør for Lima: Intensiteten til skodda minkar, og artsrikdommen søkk. Lomas de Atiquipa (15°48'S) og Chala (15°53'S) har rik flora med over 120 artar. Lengre sør blir lomasane mindre utvikla og meir avgrensa til Tillandsia-samfunn og spreidde kaktusar.

Langs kysten finst fire lokasjonar med mangroveskog,[3] medan buskar og søylekaktusar dominerer i halvtørre område ved foten av Andesfjella. Store Tillandsia-koloniar finst i tørre tåkesoner som ikkje stør rotfesta plantar.

Vegetasjonen i mange lomas har vorte påverka av menneskeleg aktivitet, og i nokre område har floraen vorte reduserte eller omdanna til landbruksareal. Likevel er lomas-samfunna framleis viktige for det biologiske mangfaldet til regionen.

Fauna

endre
 
Sechurarev (Lycalopex sechurae)
 
Graveugle (Athene cunicularia) har leveområde gjennom heile kystørkenen,[4] her i kystprovinsen Islay lengst sør i Arequipa-regionen

Gnagarar er den mest varierte pattedyrgruppa i kystørkenen. Store pattedyra er sechurarev (Lycalopex sechurae) avgrensa til nordlegaste delen av ørkenen, culpeo (Lycalopex culpaeus), samt puma som sporadisk kan jakte etter marine pattedyr eller søkje etter åtsel i strandsona. Kvithalehjort har forsvunne, og om guanako framleis eksisterer i eit lomas i sør, er bestanden berre eit relikt.[5]

To øyreselartar lever langs kysten, søramerikansk sjøløve (Otaria flavescens) og søramerikansk pelssel (Arctocephalus australis).[6] Spesielt sjøløver blir funne som stranda kadaver, andre stranda pattedyr som blir føde for åtseletarar er nisearten Phocoena spinipinnis, tumler (Tursiops truncatus), og kvalartar som knølkval (Megaptera novaeangliae) og spermkval (Physeter macrocephalus). Det finst også fleire artar av havskjelpadder i farvatna utanfor nordlege Peru,[7] undersøkingar tyder på at eit aukande tal vel yngleplassar på kysten av Peru, og spreier seg frå nord.[8] Den sterkt truga og sjeldne sjøoter (Lontra felina) har sitt einaste leveområde på kysten av Peru og Chile.[9][10]

Det finst eit rikt fugleliv av pelagiske artar ved kysten og på verna øyar slik som Ballastas-øyane og dei tidlegare guanorike Chincha-øyane. Sjøfuglane ved kysten nyt godt av oppvelling i den næringsrike Perustraumen. Kalkunkondorar søkjer typisk etter åtslar av marine pattedyr.[11]

Kysten av Peru med våtmarker og lagunar er viktige beiteområde for ein stor artsrikdom og mengde av sniper og spovar som er trekkfuglar langs kysten eller overvintrar der. Dei fleste er hekkefuglar i Nord-Amerika som trekker sørover, og nokre av dei er sirkumpolare hekkefuglar også kjent frå trekk langs norskekysten, slik som sandløpar (Calidris alba), steinvendar (Arenaria interpres) og småspove (Numenius phaeopus).[12]

Døme på sporvefuglar som lever heilt i strandsona er brottbergkall (Cinclodes taczanowskii).[13] Han er endemisk for kyststripa i Peru. Ein annan sporvefugl, kysttunnelfugl (Geositta peruviana),[14] er endemisk for ørkenbeltet frå grensa mot Ecuador sør til inn i Arequipa. Begge artane er medlemmer av omnfuglfamilien. Per år 2000 var det registrert 71 fugleartar innanfor lomas-økosystema.[15]

Kjelder

endre
  1. Tejada-Fajardo, Axel and Montenegro, Juan-Felipe and La Torre, María-Isabel and Orosco, Brenda and Ochoa, Diana (2024). «Palynological characterization of a diverse desertic ecosystem: The Peruvian Lomas». Palynology (Taylor & Francis): 2396003. doi:10.1080/01916122.2024.2396003. 
  2. Dillon, Michael O and Leiva, S and Zapata, GM and Lezama, P and Quipuscoa, V (2011). «Floristic checklist of the Peruvian Lomas formations-Catálogo florístico de las Lomas peruanas» (PDF). Arnaldoa 18: 7––32. 
  3. Rundel et al, side 168
  4. Poulin, R. G., L. D. Todd, E. A. Haug, B. A. Millsap, and M. S. Martell (2020). Burrowing Owl (Athene cunicularia), version 1.0. In Birds of the World (A. F. Poole, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.burowl.01
  5. Beresford-Jones, David; et al. (2015). «Re-evaluating the resource potential of lomas fog oasis environments for Preceramic hunter--gatherers under past ENSO modes on the south coast of Peru». Quaternary Science Reviews (Elsevier) 129: 196––215. doi:10.1016/j.quascirev.2015.10.025. 
  6. Cárdenas-Alayza, Susana (2018). South American fur seal: Arctocephalus australis (PDF). Elsevier. s. 905––907. doi:10.1016/B978-0-12-804327-1.00237-5. 
  7. Bachmann Caller, Vanessa María (2018). «Analysis of sea turtle and marine mammal strandings along the northern coast of Peru between 2003 and 2016: Patterns and underlying causes» (PDF). Universidad Andres Bello-Chile. 
  8. Kelez, S; Velez-Zuazo, Ximena (2014). «Sea turtle nesting expansion into Peru brings new management challenges» (PDF). SWOT report 9: 20––21. 
  9. Valqui, Juan (2012). «The marine otter Lontra felina (Molina, 1782): A review of its present status and implications for future conservation» (PDF). Mammalian Biology (Springer) 77: 75––83. doi:10.1016/j.mambio.2011.08.004. 
  10. Pizarro-Neyra, José} (2008). «Mortality of the marine otter (Lontra felina) in southern Peru» (PDF). IUCN Otter Specialist Group Bulletin 25: 94––99. 
  11. Pennycuick, CJ and Scholey, KD (1984). «Flight behavior of andean condors Vultur gryphys and turkey vultures Cathartes aura around the Paracas Peninsula, Peru». Ibis (Wiley Online Library) 126: 253––256. 
  12. Pulido, Victor; Jahncke, Jaime; Makamatsu, Patricia og Flores, Cecilia. «Conservation of Charadriiformes on the Peruvian» (PDF). 
  13. Schulenberg, T. S. (2020). Surf Cinclodes (Cinclodes taczanowskii), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.surcin1.01
  14. Schulenberg, T. S. (2020). Coastal Miner (Geositta peruviana), version 1.0. In Birds of the World (T. S. Schulenberg, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.coamin1.01
  15. Rundel et al, side 167
  • Pulgar Vidal, Javier: Geografía del Perú; Las Ocho Regiones Naturales del Perú. Edit. Universo S.A., Lima 1979. Første utgåve (avhandling frå 1940): Las ocho regiones naturales del Perú, Boletín del Museo de historia natural „Javier Prado“, n° especial, Lima, 1941, 17, pp. 145-161.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Den peruanske kystørkenen