Secret Lake
Secret Lake er ein innsjø av smeltevatn 3,5 km vest for Ares Cliff, nær austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. Innsjøen ligg i ein dalbotn og får vasstilførsel frå eit område av stagnert is. Han ligg 100 m oppom austkanten av Marsbreen og er berre synleg frå dalbotnen eller frå lufta. Innsjøen vart først kartlagt av Directorate of Overseas Surveys frå satellittbilete av NASA i samarbeid med U.S. Geological Survey. Namnet vart gjeve av UK Antarctic Place-Names Committee og syner til den avsidesliggande plasseringa.
Secret Lake | |||
innsjø | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°50′S 68°21′W / 71.833°S 68.350°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Secret Lake 71°50′00″S 68°21′00″W / 71.8333°S 68.35°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Secret Lake» (innhald frå Geographic Names Information System).