Marsbreen
Marsbreen er ein isbre i sørausthjørnet av Aleksanderøya, 11 km lang og 3,5 km brei, som flyt sør ut i George VI-isen i George VI Sound som ligg mellom Two Step Cliffs og Phobos Ridge. Sjølv om Marsbreen ikkje ligg i fjellkjeda Planet Heights, har han fått namn frå den nærliggande fjellkjeda, og i lag med fleire andre nærliggande brear og andre landemerke fått namn etter planetar, månar og og astrofysikarar. Isbreen vart oppdaga frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og grovt kartlagt frå bilete tekne på denne flyturen av W.L.G. Joerg. Han vart først kartlagt i 1949 av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter planeten Mars, den fjerde planeten frå sola i solsystemet.
Marsbreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°54′S 68°23′W / 71.900°S 68.383°W | ||
Lengd | 11 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Marsbreen 71°54′00″S 68°23′00″W / 71.9°S 68.3833°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Mars Glacier» (innhald frå Geographic Names Information System).