See My Friends
Singel av The Kinks
B-side

Never Met a Girl Like You Before

Utgjeve
  • 30. juli 1965 (Storbritannia)
  • 29. september 1965 (USA)
Innspelt 3. mai 1965[1]
Studio Pye i London
Lengd 2:44
Selskap
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
Britisk The Kinks-kronologi 
Set Me Free
(1965)
See My Friends Till the End of the Day
(1965)
Amerikansk The Kinks-kronologi
Who'll Be the Next in Line
(1965)
See My Friends A Well Respected Man
(1965)


«See My Friends» er ein song av The Kinks, skriven av Ray Davies. Han vart gjeven ut som singel i 1965 og nådde tiandeplassen i Storbritannia. Songen er ein av få psykedeliske rockesongane bandet spelte, men til gjengjeld ein av dei første psykedeliske rockesongane nokon gong, og ein av dei første vestlege rockesongane med indisk ragalyd.

Ray Davies har fortalt at songen handlar om saknet etter syster si, som ei stund budde i Ontario i Canada. Då ho kom tilbake frå England vart ho sjuk og døydde av hjartefeil medan ho dansa på ein nattklubb. Like før ho døydde hadde ho gjeve Ray Davies den første gitaren hans som bursdagsgåve på 13-årsdagen hans. Davies fekk også inspirasjon til songen då dei stoppa i Bombay. Davies vitja stranden med jetlag i kroppen ein tidleg morgon, og høyrte fiskarar som song på veg til arbeid.[2]

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «See My Friends» frå Wikipedia på engelsk, den 16. april 2009.
  • Bellman, Jonathan (1998). The Exotic in Western Music. Lebanon, NH: UPNE. ISBN 1-55553-319-1. 
  • Hinman, Doug (2004). The Kinks: All Day and All of the Night: Day by Day Concerts, Recordings, and Broadcasts, 1961-1996. Backbeat Books. ISBN 978-0879307653. 
  1. Hinman 2004, s. 62.
  2. Bellman, Jonathan (1998). p. 294

Bakgrunnsstoff endre