Seera
Seera (arabisk صيرة Ṣīrah), Crater eller Kraytar (arabisk كريتر) er eit distrikt i Aden guvernement i Jemen. Det ligg i eit krater frå ein gammal vulkan i Shamsanfjella. I 2003 hadde distriktet eit folketal på 76 723 menneske.[1]
Seera | |||
Distrikt | |||
Seera-distriktet (Shamsanfjella) frå Al-Alam-området
| |||
Land | Jemen | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Aden guvernement | ||
Koordinatar | 12°46′39″N 45°01′58″E / 12.7775°N 45.0328°E | ||
Areal | 5 901,7 km² | ||
Folketal | 76 723 (17. desember 2004) | ||
Tidssone | Jemen standardtid (UTC+3) | ||
Seera 12°46′39″N 45°01′58″E / 12.7775°N 45.0328°E | |||
Kart som viser Seera.
|
Dei siste dagane av det britiske styret i 1967, vart Seera-distriktet fokuset i Aden-krisa, stundom omtalt som den siste imperiekrigen. Etter at hundrevis av soldatar gjorde mytteri i den sørarabiske føderasjonshæren den 20. juni, trekte alle dei britiske styrkane seg bort frå krateret. Seera vart okkupet av arabiske soldatar, medan britane blokkerte dei to inngangane. I juli gjekk ein britisk infanteribataljon, leia av oberstløytnant Colin Mitchell frå Argyll & Sutherland Highlanders, inn i Seera og klarte å okkupere heile distriktet utan tap. Likevel følgde det dødelege geriljaåtak, og britane drog frå Aden mot slutten av november 1967, tidlegare enn den britiske statsministeren Harold Wilson hadde planlagt.
Geografi
endreKlima
endreKlimaet i Seera er dominert året rundt av subtropiske høgtrykk som gjev mykje tørr luft og sol. Köppen si klimaklassifisering for staden er «ørkenklima».[2]
Vêrdata for Seera i Jemen | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 32 | 32 | 34 | 35 | 38 | 39 | 39 | 39 | 38 | 35 | 33 | 32 | 36 |
Døgnmiddeltemperatur °C | 27 | 27 | 29 | 30 | 33 | 34 | 34 | 33 | 32 | 29 | 28 | 27 | 30 |
Gjennomsnittleg min °C | 22 | 22 | 24 | 25 | 27 | 28 | 28 | 27 | 27 | 24 | 23 | 22 | 25 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 0 | 2 | 6 | 15 | 12 | 0 | 10 | 11 | 5 | 0 | 0 | 0 | 61 |
Gns. solskinstimar i månaden | 248 | 232 | 279 | 270 | 310 | 270 | 217 | 248 | 270 | 310 | 270 | 279 | 3 203 |
Kjelde: weather2travel.com[3] |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Crater (Yemen)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. mai 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Districts of Yemen». Statoids. Henta 17. oktober 2010.
- ↑ Climate Summary for Crater, Jemen
- ↑ Aden Climate Guide - weather2travel.com