Aden (arabisk عدن ʻAdan) er eit guvernement i Jemen som har hamnebyen Aden som hovudby. I 2011 var folketalet nærare 750 000.[2] Den gamle hovudstaden og hamnebyen Seera, låg her.

Aden
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 12°54′N 44°55′E / 12.900°N 44.917°E / 12.900; 44.917
Hovudstad Aden
Areal 1 114 km²
Folketal 731 000  (2011)[1]
Folketettleik 656 / km²
Kart
Aden guvernement
12°50′00″N 44°55′00″E / 12.833333°N 44.916667°E / 12.833333; 44.916667
Wikimedia Commons: Aden Governorate

Aden var under britisk styre frå 1839 til 1967. I 1967, etter fleire år med strid, fekk Aden og dei sørlege guvernementa sjølvstendet sitt. Aden vart då hovudstaden i Sør-Jemen mellom 1967 og 1990. I 1990 vart Sør- og Nord-Jemen samla til dagens Jemen. Aden er i dag handelssenteret i Jemen.

Øygruppa Sokotra var ein del av guvernementet Aden, men det vart overført til Hadhramaut guvernement i 2004, og vart i 2013 sitt eige guvernement.

Distrikt endre

Kjelder endre

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 28. mai 2016. 
  2. Law, Gwillim (27. juli 2010). «Governorates in Yemen». Statoids. Gwillim Law. Arkivert frå originalen 13. mai 2011. Henta 28. mai 2016.