Seher Aydar
Seher Aydar (fødd 10. september 1989) er ein tyrkisk-norsk politikar som sidan 2021 representerer Oslo og partiet Raudt på Stortinget.
Seher Aydar | |||
| |||
Fødd | 10. september 1989 (35 år) Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Raudt | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Aydar er fødd i Tyrkia og er kurdisk-ætta. Ho kom til Noreg då ho var 11 år gammal og voks opp i Fredrikstad. Der arbeidde ho seinare i barnehage og engasjerte seg i politikken for Raud Ungdom. I 2010 vart ho vald til generalsekretær i Raud Ungdom. Landsmøtet til ungdomspartiet i april 2012 valde henne til leiar av Raud Ungdom, noko ho var i 2 år.
Etter å ha vore vararepresentant til Stortinget 2017–2021, fekk Aydar fast plass på Stortinget 2021–2025. Veljarane i Oslo gav ved stortingsvalet 2021 partiet Raudt to sete i Stortinget, Aydar slo såleis fylgje med partileiaren Bjørnar Moxnes. På Stortinget er Aydar medlem i Helse- og omsorgskomitéen og i Kontroll og konstitusjonskomitéen.
Kjelder
endreDenne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
endre- Seher Aydar i roedt.no