Seim kyrkje står på Hoplandsleitet i Seim i Alver kommune i Vestland, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1878. Arkitekt for kyrkja var Johannes Øvsthus.

Seim kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Alver
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Nordhordland
Sokn Seim
Fellesråd Alver
Type Langkyrkje
Arkitekt Johannes Øvsthus[1]
Material Tre
Innvigd 16. juli 1878[1]
Kyrkjegard Ved kyrkja
Døypefont Kum frå 1100-talet
Sitjeplassar 300[2]
Kart
Seim kyrkje
60°37′00″N 5°16′37″E / 60.6168°N 5.2769°E / 60.6168; 5.2769
Wikimedia Commons: Seim kyrkje
Seim kyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Seim kyrkje
Foto: B Ystebo

Det har vore kyrkje i Seim sidan mellomalderen. Fyrste gongen Seimskyrkja er nemnd i kjeldene er i Bergen kalvskinn frå kring 1360. Denne kyrkja var mest truleg ei stavkyrkje som har vorte avløyst av ei tømmerkyrkje på 1600-talet. 1600-talskyrkja vart riven etter at den noverande kyrkja stod ferdig. Dagens kyrkje står kring 500 meter nordom den gamle kyrkjestaden.

Seim kyrkje er soknekyrkje i Seim sokn i Nordhordland prosti. Seim høyrde til Hamre prestegjeld til 1749. Då vart Seim saman med sokna Hosanger og Mo skilde ut som Hosanger prestegjeld. I 1885 vart Seim overført frå Hosanger til Alversund prestegjeld.[3] Ho høyrde til Alversund prestegjeld fram til prestegjeldsordninga vart nedlagd i 2004.

Kjelder

endre

Fotnotar

endre
  1. 1,0 1,1 «Norges Kirker: «Seim kirke»». Henta 9. april 2014.  På nettstaden til NIKU og KA
  2. Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Seim kirke», s.366
  3. «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket, arkivert frå originalen 22. mars 2009, henta 2. april 2009 

Bakgrunnsstoff

endre