Sekretogranin-1 eller kromogranin B er eit protein i proteinfamilien granin, og det største og minst sure av proteina i familien. Det har vid utbreiing hjå nevroendokrine seller. Det vert kløyvd opp i ulike mindre peptid, som GAWK og sekretolytin, og i alt er 18 potensielle kløyvingssete kjende. Sekretolytin verkar sterkt bakteriedrepande mot gram-negative bakteriar, og er funne med ei vid utbreiing i sentralnervesystemet i nerveseller og gliaseller.[4][5]

CHGB
Identifikatorar
Andre namnCHGB, SCG1, chromogranin B
Eksterne ID-arOMIM: 118920 MGI: 88395 HomoloGene: 1375 GeneCards: CHGB
Ortologar
ArtMenneskeMus
Entrez
Ensembl
UniProt
RefSeq (mRNA)

NM_001819

NM_007694

RefSeq (protein)

NP_001810

NP_031720

Plassering (UCSC)Chr 20: 5.91 – 5.93 Mbn/a
PubMed-søk[2][3]
Wikidata
sjå/endra menneskesjå/endra mus

Sekretogranin-1 er kjent frå dyr som pattedyr, fuglar og froskar. Menneskeutgåva har ei lengd på 677 aminosyrerestar, inkludert eit signalpeptid på 20 restar.[6] Ho har strukturelle likskapar med kromogranin A.[7]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 GRCh38: Ensembl release 89: ENSG00000089199 - Ensembl, May 2017
  2. «PubMed-kjelde for menneske:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  3. «PubMed-kjelde for mus:». National Center for Biotechnology Information, U.S. National Library of Medicine. 
  4. Helle, Karen B. (2010). «Chromogranins a and B and Secretogranin II as Prohormones for Regulatory Peptides from the Diffuse Neuroendocrine System». Cellular Peptide Hormone Synthesis and Secretory Pathways. Results and Problems in Cell Differentiation 50. s. 45. ISBN 978-3-642-11834-0. doi:10.1007/400_2009_26. 
  5. Troger, Josef; Theurl, Markus; Kirchmair, Rudolf; Pasqua, Teresa; Tota, Bruno; Angelone, Tommaso; Cerra, Maria C.; Nowosielski, Yvonne; Mätzler, Raphaela; Troger, Jasmin; Gayen, Jaur R.; Trudeau, Vance; Corti, Angelo; Helle, Karen B. (2017). «Granin-derived peptides». Progress in Neurobiology 154: 37–61. PMID 28442394. doi:10.1016/j.pneurobio.2017.04.003. 
  6. Montero-Hadjadje, M.; Vaingankar, S.; Elias, S.; Tostivint, H.; Mahata, S. K.; Anouar, Y. (2007). «Chromogranins a and B and secretogranin II: Evolutionary and functional aspects». Acta Physiologica 192 (2): 309. PMID 18005393. doi:10.1111/j.1748-1716.2007.01806.x. 
  7. Portela-Gomes, Guida M.; Grimelius, Lars; Wilander, Erik; Stridsberg, Mats (2010). «Granins and granin-related peptides in neuroendocrine tumours». Regulatory Peptides 165 (1): 12–20. PMID 20211659. doi:10.1016/j.regpep.2010.02.011. 
  Denne biokjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.