Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme

Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme er ei foreining som arbeider for å fremje dei norsk saltvass- og ferksvassfiskeria. Selskapet vart stifta 26. april 1879 i Bergen og har hovudkontor i byen. Det eig og driv Norges Fiskerimuseum og eit stort fagbibliotek.[1]

Selskapet skulle arbeide for utklekking og oppdrett av yngel, forbetring av reiskapar og fangstmetodar, og forbetring av fiskeriprodukta. Handelsstanden i Bergen utgjorde hovudtyngda i selskapet. Mellom dei 17 som stod bak innbydinga til skipinga var det ingen fiskarar.

Selskapet tok mål av seg til å fylle alle fellesoppgåver i fiskerinæringa. Indredepartementet brukte det som konsulent i fiskerispørsmål. Det mottok direkte statstilskot, i tillegg til at det formidla støtte til andre. Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme fekk mykje mindre å seie då fiskeristyrelsen, som seinare vart Fiskeridirektoratet vart oppretta i 1900. I 1882 skipa selskapet Fiskerimuseet i Bergen, frå 1993 Norges Fiskerimuseum. Selskapet gav ut Norsk Fiskeritidende i tidsrommet 1882-1930. Frå 1903 gav det ut Norsk Fiskeralmanakk. På same tid tok det til å bygge opp eit fagbibliotek. No er det om lag 30 000 bind, som ein finn i Norges Fiskerimuseum sine samlingar.

Ulike laboratorium og forskingstiltak har vore og er lokaliserte ymse stader i Noreg.

Kjelde endre

  1. «Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme». Store norske leksikon (på norsk bokmål). Oslo: Kunnskapsforlaget. Henta 30. mai 2019. 
  • Gyldendals store konversasjonsleksikon, bind 5. 1972
  • Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: I kamp om havets verdier. Norges Fiskarlags historie. Norges Fiskarlag 2005
  • Anders Haaland: Norges Fiskerimuseum - landets eldste næringsmuseum, i Norges Fiskerimuseum, Årbok 1999