Fiskeridirektoratet i Noreg
Fiskeridirektoratet er ein norsk statleg etat, oppretta i 1900 (endra namn i 1906), med ansvar for fiskeri- og havbruksforvaltning. Etaten er underlagd Nærings- og fiskeridepartementet og blir leia av fiskeridirektøren.
Fiskeridirektoratet i Noreg | |||
Org.form | Organisasjonsledd | ||
---|---|---|---|
Org.nr. | 971203420 | ||
Skipa | 1900 | ||
Morselskap | Nærings- og fiskeridepartementet | ||
Hovudkontor | Bergen | ||
Land | Noreg | ||
Nettstad | http://www.fiskeridir.no (norsk) |
Kontor
endreFiskeridirektoratet ligg i Strandgaten 229 i Bergen og har regionkontor i Vadsø, Tromsø, Bodø, Trondheim, Ålesund, Måløy og Egersund. Lokale fiskerikontor finnes i Hammerfest, Båtsfjord, Havøysund, Honningsvåg, Kjøllefjord, Vardø, Finnsnes, Skjervøy, Brønnøysund, Leknes, Sandnessjøen, Sortland, Svolvær, Rørvik, Sistranda, Fosnavåg, Kristiansund, Bergen, Florø, Kopervik, Kristiansand og Fredrikstad.
Oppgåver
endreFiskeridirektoratet er rådgivande og utøvande organ innan fiskeriforvaltninga i Noreg. Hovudoppgåva til direktoratet er planmessig å arbeide for at norsk fiskeri- og havbruksnæring blir fremma og utviklar seg til beste for dei som arbeider i næringa og slik at fiskeressursane på lang sikt gjev eit optimalt utbytte.
Direktoratet deler ut konsesjonar og løyve til å drive fiske og fører fartøyregisteret og fiskermanntalet. Det lagar reguleringsforskrifter, overvakar utviklinga i fisket, fordeler kvoter og stoppar dei einskilde fiskeria når kvotene er oppfiska. Norske farty som fiskar i andre lands soner får lisensane sine av Fiskeridirektoratet. Direktoratet er involvert i kvoteforhandlingar med andre land og deltar i internasjonale prosessar i regi av mellom andre FN, OSPAR og regionale fiskeriorganisasjonar.
Kyst- og havbruksavdelinga har ansvaret for forvaltninga av akvakulturloven. Avdelinga har tilsyn med akvakulturnæringa. Kyst- og havbruksavdelinga er overordna styresmakt i spørsmål om arealplanlegging i kystsona.
Dei eldre delane av arkivet etter Fiskeridirektoratet, opp til rundt 1985, er avlevert til Statsarkivet i Bergen.
Organisering
endreDirektoratet er organisert i sju regionar,[1] men dette skal bli redusert til fem regionar:[2]
- Region Nord med regionkontor i Tromsø
- Region Nordland med regionkontor i Bodø
- Region Midt med regionkontor i Ålesund
- Region Vest med regionkontor i Måløy
- Region Sør med regionkontor i Egersund
Historie
endreEtter avgjerd frå Stortinget hadde Indredepartementet frå 1860 ansvar for «de praktisk-videnskabelige fiskeriundersøgelser vedkommende saltvandsfiskerierne». Desse vart leida av stipendiatane Jonas Axel Boeck som utgreidde silda fram til han døde i 1873, og Georg Ossian Sars som frå før hadde torskeansvaret, overtok silda fram til 1893, då Johan Hjort overtok. Etter Stortingsvedtak 25. april 1900 vart Norges Fiskeristyrelse oppretta i Bergen. Fiskeristyret hadde tre medlemmar. Formann var Gabriel Westergaard. Med seg hadde han Jens O. Dahl og Johan Hjort.
I 1902-03 måtte Fiskeristyrelse handtere «kvalstriden», der hundrevis av rasande fiskarar storma ein kvalstasjon i Mehamn; dei meinte kvalen jaga bort lodda.[3]
Etter stortingsvedtak 18.mars 1906 fekk Fiskeridirektoratet status som direktorat frå 15. september same året. Leiinga gjekk over til ein direktør. Johan Hjort vart første fiskeridirektør i Noreg.[4]
Han gav seg i 1916 etter usemje med regjeringa som hadde offentleggjort ein fiskeriavtale inngått med Storbritannia.
Fiskeridirektørar
endre- 1906–1916: Johan Hjort
- 1916 (kst.): Gisle Johnson
- 1918–1937: Sigurd K. Asserson
- 1938–1940: Hans Jacob Salvesen
- 1945–1948 (kst.): Ola Brynjelsen
- 1948–1973: Klaus Sunnanå
- 1973–1978: Knut Vartdal d.y.
- 1978–1988: Hallstein Rasmussen
- 1988–1996: Viggo J. Olsen
- 1996–2008: Peter Gullestad
- 2008–2020: Liv Holmefjord
- 2020–2021 (kst.): Per Sandberg
- 2021– : Frank Bakke-Jensen
Kjelder
endre- ↑ Organisasjonskart, arkivert frå originalen 1. april 2015, henta 10. januar 2018
- ↑ Ny regionstruktur i Fiskeridirektoratet
- ↑ «Kystfisket i Finnmark, en rettshistorie». 12.12.2011.
- ↑ «Fiskeridirektoratets arkiv 1900 (1864)-1992 i Statsarkivet i Bergen».
- Denne artikkelen bygger på «Fiskeridirektoratet i Noreg» frå Wikipedia på bokmål, den 10. januar 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad
- Evaluering av Fiskeridirektoratet Difi-rapport 2015:1