Selura er ein næringsfattig innsjø som ligg i Flekkefjord kommune i Agder fylke. Innsjøen ligg 31 moh. og er 118 m djup på det djupaste. Han har utløp mot aust til indre fjordbasseng i Flekkefjorden ved tettstaden Drangeid. Fossefallet der vart brukt av ein del industri, som f.eks. tønnefabrikk (nedlagt 1987), karosserifabrikk og Aarnes Garveri (nedlagt 2013). Langs vatnet si nordside ligg gardane Lilledrange, Glendrange og Stordrange.

Selura
innsjø
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Flekkefjord
Høgd over havet 31 moh.
Areal 6,01 km²
Største djupn 118 m
Kystlengd1 31,48 km
Koordinatar 58°18′33″N 06°42′41″E / 58.30917°N 6.71139°E / 58.30917; 6.71139
Kart
Selura
58°18′33″N 6°42′41″E / 58.309166666667°N 6.7113888888889°E / 58.309166666667; 6.7113888888889
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Austsida er prega av ei steil nord-sørgåande fjellside, der ein finn gardane Reppen, Seland, Helland, Løyning, Slåta, Nedrejord og Rødland oppe i sida. Denne fjellrekka i aust har truleg gitt namn til innsjøen.

Egenes er ein stor morenerygg som nesten deler vatnet i to i sør ved Nulandsvika, der ein finn Egenes Camping. I sørenden av vatnet finst òg industriområde som er knytt til E39 ved Trøngsla.

Selura er rik på fisk, men fisken er liten. Fiskeartane i Selura er aure, ål og røye.

Kjelder endre

  Denne geografiartikkelen som har med Agder å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.