Selz er òg det tyske namnet for elva Seille

Selz er ei elv i Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 63 km. Ho har sitt utspring i Saarland, nordvest for Homburg. Elva renn gjennom det største tyske vinområdet kalla Rheinhessen. Ho har sitt utspring nær landsbyen Orbis i Donnersbergkreis, og kryssar grensa frå Pfalz til Rheinhessen etter om lag 8 km ved byen Alzey i landkreis Alzey-Worms. Her renn elva gjennom kanalar under byen. Vidare renn ho gjennom Gau-Odernheim, Nieder-Olm og Ingelheim, før ho ved Frei-Weinheim munnar ut i Rhinen.

Selz
elv
Selz munnar ut i Rhinen
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 375 km²
Lengd 63 km
Middelvassføring 0,77 /s
Kjelde Donnersbergkreis
 - høgd 321 moh.
Munning Rhinen ved Ingelheim
Kart
Selz
49°41′45″N 7°59′56″E / 49.695972222222°N 7.9988888888889°E / 49.695972222222; 7.9988888888889
Wikimedia Commons: Selz (river)

Selz har eit nedslagsfelt på 375 km², men elva har fleire stader ganske ujamn vassføring.

Store delar av elva vart retta opp og kanalisert på 1950- og 1960-talet, og i seinare tid har ein utført prosjekt for å føre elva tilbake til sin naturlege tilstand. Ein del av årsaka til denne gjennopprettinga var at flaumfaren vart mykje større etter at elva vart kanalisert.

Byar og landsbyar endre

 
Selz

Frå kjelda til munningen renn Selz gjennom følgjande landsbyar og byar:

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Selz