Semulegryn
Semulegryn (òg semule eller semolina) er små gryn laga ved å grovmala kveitekjernar, særleg dei frå durumkveite.[1] Det blir brukt til å laga grautar, puddingar, pasta, kaker og couscous.[2] Nokre stader viser omgrepet også til gryn laga av mais og ris.[1]
Det italienske ordet «semolina» er danna frå semolino,[3] eit diminutiv av semola, ‘kli’, og kjem frå latin simila, ‘fint kveitemjøl’. Semolina som blir brukt til å laga den tradisjonelle pastaen blir male frå durumkveite. Mange stader i verda har ein tradisjonelt brukt semulegryn frå kveite til å laga grautar, puddingar og kaker. Semule blir òg brukt til å laga knödel i det sentraleuropeiske kjøkkenet.
Semulegryn er mellom anna del av det tradisjonelle norske kosthaldet, og eit får kjøpt det i dei fleste daglegvareforretningar i Noreg. Det blir gjerne brukt som tjukningsmiddel, og kan brukast i rettar som semulegrynsgraut, semulegrynspudding, russedessert eller rømmegraut.[4]
Næringsinnhald
endre100 gram semulegryn gjev 338 kcal (1416 KJ) og inneheld om lag 12 gram protein, 66 gram karbohydrat og 2 gram feitt.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «semulegryn». Store norske leksikon (på norsk). 20. februar 2018.
- ↑ «Definition of SEMOLINA», www.merriam-webster.com (på engelsk), henta 2. mars 2023
- ↑ «Semolina». Oxford English Dictionary. Henta August 25, 2019.
- ↑ «Semulegryn, hvetegryn med informasjon, oppskrifter og næringsinnhold», www.matoppskrift.no (på norsk), henta 2. mars 2023
- Denne artikkelen bygger på «Semule» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2023.