Sengeteppe eller sengteppe er eit teppe ein kan bruka til å leggja oppå ei seng. Ofte blir det lagt over dyna eller overbreislet når senga ikkje er i bruk.[1][2]

Sengeteppe i lappeteknikk, laga i England rundt 1850.

Sengeteppe er ofte dekorerte, og kan vera laga i ulike teknikkar, som appliké, broderi, hekling, lappeteknikk, quilting, strikking eller vove åkle. I nokre tradisjonar har ein brukt skinnfellar som sengeteppe.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «sengeteppe» i Nynorskordboka.
  2. «sengeteppe - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 9. februar 2020 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Sengeteppe