Åkle eller åklede (mellomnorsk áklædi, 'på-klede') er ein mønstra, grov vevnad frå norsk bygdekultur. Det blei opphavleg brukt som sengeteppe, ofte oppå ein skinnfell, men har også vore brukt til å utsmykka kyrkjerom og opphaldsrom ved særskilde høve, som jul og bryllaup.[1] Frå 1900-talet er åkle helst blitt sett på som prydtekstil som kan leggast på overflater eller hengjast opp på veggen.

Åkle av nyare dato etter gammalt mønster frå Flesberg i Buskerud.
Foto: Kjetil Bjørnsrud

Åkle fanst i mange ulike mønster og blei laga med mange ulike vevteknikkar, som rutevev, rosengang, krokbragd og skillbragd. I dag er rutevev på toskaftsvev mest vanleg. Vevnaden er typisk mangefarga med mønster laga av geometriske figurar.

KjelderEndra

  1. Helga Reidun Bergebakken Nesset. «Åkler i Nord-Østerdalen». 

  Denne kunstartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.