Ein skinnfell er eit teppe av skinn med håra på. Skinnfellar er oftast laga av sau, geit eller reinsdyr. Dei kan brukast til dekorasjon eller til å halde varmen. Ordet fell (norrønt feldr) tydde opphavleg 'teppe' eller 'kappe', men har etterkvart ofte fått tydinga 'skinnell'.[1]

Skinnfellar av geit

Skinnfellar har vore nytta mot trekk og kulde i uminnelege tider.[2] Dei har vore brukt til underlag, sengetøy, pynt og som klede.

Ulike tradisjonar endre

Australia endre

Urfolk i Australia kunne sy saman ei rekkje possum-pelsar med kengurusener. Dei blei gjevne til småbarn og kunne utvidast til å vera store nok til å dekkja ein mann frå topp til tå. Dei kunne brukast som kappar, dyner eller liggunderlag. Skinna var dekorerte med viktige symbol.[3] Ein kunne smøra dei inn med feitt og oker for å dekorera og ta vare på dei.

Noreg endre

 
Saueskinnfell frå Tolga med påsydd åkle. Laga av Ole Larsen Lien.

Skinnfellar var lenge utbreidde som sengetøy blant bønder i Noreg.[4] I norsk tradisjon kunne ein sy saman fellar av fleire skinn, til dømes frå sau.

Den hårlause sida kunne dekorerast med påtrykte mønster og symbol,[5] eller med eit påsydd tekstil, som åkle.[6] Velståande folk kunne ha fleire skinnfellar.

Skinnfellar blei også mykje brukt for å halda varmen i vogner og sleder. I nyare tid er skinnfellar for det meste bytte ut med tekstilar som sengetøy, men blir ein del brukt i barnevogner og som sitjeunderlag.[7]

Skinnfellar kunne også brukast til utkleding for julebukkar.[8]

Skinnfell i kulturen endre

 
Scherzando (1903) av Ignaz Gaugengigl.

Ordet er brukt i uttrykket «opp som ei løve og ned som ein skinnfell», om ein som går hardt ut mot noko, men avsluttar på ynkeleg vis. Eit anna uttrykk er «å ikkje strekkje seg lenger enn skinnfellen rekk», som vil seie å ikkje gå ut over det ein har økonomisk evne til.[9]

A.O. Vinje skreiv eit stykke om «Skinnfelden» som ei nasjonalt plagg, der omgrepet kunne nyttast om «alt det, som var raatt i Framferd, Tale, Dikting og onnor Kunst.» Men han trekte dette til ei viss grad tilbake etter å ha opplevd sauefellar frå Østerdalen: «I Øysterdalen derimot verdt Saudskinnet med den lange Ull so reintvegit og reidt og semskat, at det er det mjukaste og finaste Ein kann kjenna og sjaa paa.»[10] I ein omtale av Bjørnstjerne Bjørnson sitt verk Arne nemnar han «deim som vilja liksom hengja upp til norsk Flagg paa Stongi ein flekkesnaud Skinnfeld, kantad med danske og tyske Bordur og med Duskar paa.»[11]

Skinnfellar av visse dyr, som isbjørn eller tiger, kan vera for luksusvarer å rekna.[12]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «fell - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 17. desember 2019 
  2. «Sunnmore Museum - På fire bein til drømmeland», www.sunnmore.museum.no, henta 17. desember 2019 
  3. Shen, Aviva, «Ancient Traditions, New Stories: Reviving the Aboriginal Possum Skin Cloak», Smithsonian (på engelsk), henta 17. desember 2019 
  4. Johann Michael Lund (1785). Hverdagsliv i Øvre Telemark. Forsøg til Beskrivelse over Øvre-Tellemarken i Norge. Tiende Capitel: Om Øvre-tellemarkens Indbyggere i Almindelighed, deres Sæder, Mundart, Skikke, daglige Sysler og Oeconomie, samt klædedragt. «Bøndenes almindelige sengeklær er skinnfeller eller sammensydde fåreskinn med ullen på,» 
  5. «Trykk på skinnfell», www.kulturarvskolen.no, henta 17. desember 2019 
  6. Helga Reidun Bergebakken Nesset. «Åkler i Nord-Østerdalen». 
  7. «Klart for populær juleutstilling», Klart for populær juleutstilling (på norsk bokmål), henta 17. desember 2019 
  8. «Fred og ro på juledagen - Norsk Folkemuseum», norskfolkemuseum.no (på norsk), henta 17. desember 2019 
  9. «skinnfell». Det Norske Akademis ordbok. Henta 24. mars 2019. 
  10. Les gratis: «Ferdaminni» av Aasmund Olavsson Vinje (på engelsk), henta 17. desember 2019 
  11. «Nasjonalbiblioteket», www.nb.no, henta 17. desember 2019 
  12. «Krise? Hvilken krise?», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 17. desember 2019