Senter for digitale fortellinger

Senter for digitale forteljingar (CDN) er eit forskingssenter ved Universitetet i Bergen etablert i juli 2023. Senteret er underlagt Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Det humanistiske fakultetet. Det er eit senter for framifrå forsking (SFF) finansiert av Noregs forskingsråd for perioden 2023-2033.[1]

Senter for digitale forteljingar ved UiB.

Senteret vil fokusera på humaniorastyrt forsking innan elektronisk litteratur, spelstudier, digital kultur og berekning, for å fremja forståinga av digitale forteljingar.

Senteret er leia av Scott Rettberg og Jill Walker Rettberg, professorar i digital kultur ved UiB. Senteret vil ha ei tverrfagleg tilnærming og samarbeida med forskarar frå mange fakultet ved UiB, og dessutan nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar.[2][3]

Kjelder

endre
  1. «1,4 milliarder kroner til ni nye sentre for fremragende forskning». www.forskningsradet.no (på norsk). Henta 8. desember 2023. 
  2. «Partners and people». University of Bergen (på engelsk). Henta 8. desember 2023. 
  3. «Meet the professor IIs at Center for Digital Narrative». University of Bergen (på engelsk). Henta 8. desember 2023.