Vikinggraben er ei smal, langstrekt forkastingsgrøft i nordre delen av Nordsjøen, midt mellom Shetland og Noreg.

Kart som viser Vikinggraben mellom Shetlandplattforma og Utsiraformasjonen, med petroleumsfelta i området gjeve på kartet.

Han vart laga ved innsøkk særleg i midt- og seinjura, og er no fylt opp med tjukke avleiringar frå mesozoikum og tertiær der det er funne mange førekomstar av olje og gass. I sør held Vikinggraben fram i Sentralgraben, som òg inneheld ei rekkje petroleumsførekomstar.

Denne geologiske formasjonen ligg ca. 300 km vest for Rogaland. I perm-perioden var han eit landfast søkk mellom to fjellkjeder. Vikinggraben er omtrent 300 km lang (nord-sør) og 40 km brei (aust-vest). Geologisk er kjernen djupt nede i kaledonsk grunnfjell, medan dette etter permperioden er overlagt med 5 000 meter tjukke lag av sediment frå avrenning frå Baltica-kontinentet. Nedst består han av grunnfjell, så inntil 3 000 m sandstein frå trias og jura, inntil 1 000 m kalkstein frå krit, og øvst skifer frå paleocen (200-500 m) og eocen (500 m).

Kjelder endre