Sentrumsalliansen

Sentrumsalliansen er eit norsk politisk parti som stiller til stortingsval for første gong ved valet i 2009. Partiet vart danna i Bergen i 2007 av utbrytarar frå Arbeidarpartiet, mellom anna den tidlegare nestleiar og medlem i Arbeidarpartiet i Bergen, Merete Andreassen og Salar Salih.[1] Dei sa den gongen at dei ønskte å fylla vakuumet som dei meinte eksisterte mellom Arbeidarpartiet og Høgre.[2] Partiet stilte til val i Bergen ved kommunevalet i 2007 under namnet Det sosialdemokratiske parti og fekk 537 røyster, som var 0,5 % av røystene i Bergen. Det vart dermed ikkje representert i bystyret.[2]

Sentrumsalliansen
LandNoreg
Grunnlagt2007
HovudkvarterBergen
Politisk posisjonsentrisme

Ved stortingsvalet i 2009 stiller partiet liste berre i Hordaland. Toppkandidaten er Salar Salih.[3] Partiet seiar at deira fremste mål er å "fremme Hordaland og Vestlandets krav til rettferdig fordeling", og vidare at dei "inviterer veljarane med på ein regional politisk mobilisering for å komme forfordelinga av Austlandet til livs."[4]

Referansar endre