Sjå også Liste over språkfamiliar

Språkfamiliar er grupper av språk som ein kan visa er i slekt med kvarandre, det vil seia at dei stammar frå eit felles grunnspråk.

Korleis språkfamiliar oppstår endre

Utviklinga av ulike språk frå eit grunnspråk kan skje via regelmessige endringar i uttalen av språklydar. I mange tilfelle lèt dette urspråket seg i stor grad rekonstruere ved samanlikning av dei enkelte språka.

August Schleicher utvikla stamtreteorien, og kvar språkfamilie har greiner og undergreiner. Resultatet er at ein kan dele inn språk heilt ned til dialektgrupper og dialektar om ein vil. Isolerte språk er, som namnet viser, språk som ein ikkje greier å klassifisere. Vidare passar ikkje kreolspråk inn i språkfamiliane.

Å bestemma språkfamiliar endre

 
Språk i verda

Den best kjende og mest studerte språkfamilien er den indoeuropeiske, som omfattar fleire språk sør og vest i Asia og alle språka i Europa, bortsett frå baskisk og finsk-ugriske språk som t.d. ungarsk, finsk, estisk og samiske språk.

Fleire av dei andre språkfamiliane er meir omdiskuterte. Dette kan vera fordi ein ikkje har godt nok forskingsmateriale om dei, eller på grunn av problem med sjølve omgrepet. Tanken om språkfamiliar kjem frå evolusjonen i naturen, der ein stamart gjev opphav til slekter av artar som er så ulike at dei ikkje lenger kan få avkom saman.

Språk kan derimot alltid påverka kvarandre. Norsk tek til dømes til seg stadig fleire ord frå engelsk. Engelsk på si side har fått mange ord frå norsk og både ord og setningssyntaks frå fransk og latin. Pidginspråk og kreolar er døme på at to eller fleire heilt ulike språk kan gje opphav til eit nytt språk, som dermed ikkje kan seiast å høyra til nokon særskild språkfamilie.

Det er to skolar av språkfamilieforskarar, dei som vil slå saman, og dei som vil splitte, eller med andre ord: dei som kjem med dristige hypoteser, og dei som held seg til hypotesene dei kan stadfeste. Eit godt døme på den første skolen er Joseph Greenberg, som har gjort framlegg om språkfamiliar som Amerind (for nesten alle dei amerikanske språka). Han meiner også at indoeuropeisk, tyrkiske språk, mongolsk, tungusisk, koreansk og eskimo-aleutiske språk er i slekt. Dei som vil splitte peiker på at Greenberg kan ha rett, men at det framleis står att å vise at dei er i slekt. Stridsspørsmålet er med andre ord om vi skal vente til vi har klart å rekonstruere eit felles urspråk før vi slår fast at språk er i slekt med kvarandre.

Det viktigaste kriteriet på språkslektskap er leksikalsk likskap, eller snarare systematisk leksikalsk ulikskap. Kva vi kallar konsepta vi vil snakke om er arbitrært, og har vi leksikalsk likskap ut over kva som kan vere tilfeldig, er det enten lån eller genetisk slektskap. Mykje av den genetiske språkforskinga går med til å skilje lånord frå felles arveord. Språk skal også grupperast familievis. Spørsmålet er altså ikkje om tyrkisk og ungarsk er i slekt, men om dei tyrkiske og uralske urspråka er det. Før ein kan sjå etter leksikalsk likskap må ein altså rekonstruere dei urspråka ein skal samanlikne. Eit anna kriterium er grammatisk likskap. Språk som er i slekt vil ofte vere grammatisk like, og det er dermed fristande å dra slutninga den andre vegen også. Men i og med at grammatisk variasjon i verdas språk er relativt avgrensa, kan vi ha grammatisk likskap mellom språk som ikkje er i slekt. Tyrkisk og quechua har t.d. mange grammatiske fellestrekk, men er ikkje i slekt. Nabospråk som ikkje er i slekt, kan konvergere, slik som når den finitte verbbøyinga i finsk har vorte lik verbbøyinga i dei germanske nabospråka, og dermed skil seg frå uralske språk i aust. Problemet med teoriane til «samanslåarane» er at dei ofte baserer seg på grammatisk likskap, og at dei ikkje rekonstruerer urspråk for dei språkfamiliane dei vil slå saman.

Sikre språkfamiliar endre

Lista over språkfamiliar i tabellen under er sortert etter kor mange morsmålsbrukarar kvar språkgruppe har.

Språkfamilie Verdsdel
Indoeuropeiske språk (~48 % av menneskeslekta) Asia, Europa, Afrika, Amerika og Oseania
Sinotibetanske språk (~23 %) Asia
Kongo-kordofanske språk (~10 %) Afrika
Afroasiatiske språk (~5 %) Afrika og Asia
Austronesiske språk (~3 %) Oseania, Asia og Afrika
Dravidiske språk (~3 %) Asia
Tyrkiske språk (~2,5 %) Asia, Europa
Japansk-ryukyu-språk (2 %) Asia
Koreansk* (1,1 %) Asia
Uralske språk (~0,4 %) Europa
Nilotiske språk (~0,12 %) Afrika
Quechua-språk (quechua ~0,12 %) Amerika
Mongolske språk (~0,1 %) Asia og Europa
Tupí-guaraní-språk (<0,1 %) Amerika
Kartvelske språk (sørkaukasiske språk) (<0,1 %) Asia og Europa
Dagestanske språk (<0,1 %) Asia
Nachiske språk (<0,1 %)
Abkasiske-adygeiske språk (<0,1 %) Asia og Europa
Mayaspråk (<0,1 %) Amerika
Uto-aztekiske språk (<0,1 %) Amerika
Na-dené-språk (<0,1 %) Amerika
Khoisan-språk (<0,1 %) Afrika
Tungusiske språk (<0,1 %) Asia
Algiske språk (<0,1 %) Amerika
Salishanske språk (<0,1 %) Amerika
Wakash-språk (<0,1 %) Amerika
Muskogeanske språk (<0,1 %) Amerika
Sioux-catawbanske språk (<0,1 %) Amerika
Irokesiske språk (<0,1 %) Amerika
Caddoanske språk (<0,1 %) Amerika
Hoka-språk (<0,1 %) Amerika
Penuti-språk (<0,1 %) Amerika
Mixe-zoqueanske språk (<0,1 %) Amerika
Totonakiske språk (<0,1 %) Amerika
Kiowa-tanoanske språk (<0,1 %) Amerika
Otomangueanske språk (<0,1 %) Amerika
Misumalpan-språk (<0,1 %) Amerika
Chibcha-språk (<0,1 %) Amerika
Ge-språk (<0,1 %) Amerika
Karaibiske språk (<0,1 %) Amerika
Mataco-guaicuru-språk (<0,1 %) Amerika
Arawak-språk (<0,1 %) Amerika
Araukaniske språk (<0,1 %) Amerika
Eskimo-aleutiske språk (<0,1 %) Amerika, Europa

*Koreansk blir brukt av om lag 1,1 %.

Bakgrunnsstoff endre

  • Gordon, R.G. (Red.), Ethnologue: Languages of the world, 15, utg., SIL International, 2005.
  • Lombard, A., Alle jordens språk, Pax Forlag AS, 1996.