Sergej Kuzjugetovitsj Sjojgu (fødd 21. mai 1955) er ein russisk politikar. Han har vore forsvarsminister i Russland sidan november 2012. Frå 1994 til mai 2012 var han minister for sivilforsvar, ekstraordinære situasjonar og opprydding etter naturkatastrofar.

Sergej Sjojgu

FøddСергей Кужугетович Шойгу
21. mai 1955 (68 år)
Tsjadan, Tyva
Statsborgar avSovjetunionen, Russland
PartiSameint Russland (2001), Sovjetunionens kommunistiske parti
Yrkepolitikar, militær, samfunnsøkonom, sivilingeniør
Utdanna vedKrasnoyarsk State Technical University
MorAleksandra Shoygu
FarKuzhuget Shoigu
EktefelleIrina Shoygu
BarnYuliya Shoygu, Kseniya Shoygu, Danila Shebunov
Alle verv
  • Minister of Defense (2012–)
  • governor of Moscow Oblast (2012–2012)
  • Leader of United Russia party (2001–2005)
  • Minister of Emergency Situations (1991–2012) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

Sergej Sjojgu er etnisk tuvinar og vart fødd i Tsjadan i republikken Tyva i Russland. Sjojgu studerte ved Krasnojarsk polytekniske universitet i 1977, utdanna som sivilingeniør og økonom. Frå 1988 til 1989 andresekretær i bykomitéen for Sovjetunionens kommunistiske parti i Abakan. Frå 1989 til 1990 var han inspektør i regionskomitéen for Sovjetunionens kommunistiske parti i Krasnojarsk kraj. I 1990 flytta han til Moskva der han vart utnevnt til andresekretær i den russiske føderasjonens komité for arkitektur og konstruksjon. I 1991 vart han leiar for den statlege komitéen for sivilforsvar, ekstraordinære situasjonar og opprydding etter naturkatastrofar. Denne komitéen vart eit eige departement 20. november 1994 og Sjojgu vart minister. Frå 1996 er han medlem av det russiske tryggingsrådet. Sjojgu beheldt stillinga si etter at Vladimir Putin tok over etter Boris Jeltsin som president. Han var lenge den ministeren som hadde sete lengst i den russiske regjeringa. Sjojgu har vorte populær for sitt synlege leiarskap i krisesituasjonar. I april 2012 vart han vald til guvernør i Moskva oblast, og forlet då ministerposten sin, men i november same året vart han utnemnd til forsvarsminister i Russland, etter Anatolij Serdjukov.

20. september 1999 vart han tildelt utmerkinga helt av den russiske føderasjonen, den høgste statlege utmerkinga i Russland. Frå 1999 var han ein av leiarane for partiet Einskap, som i 2001 slo seg saman med andre parti og vart til Sameint Russland, Vladimir Putin sitt støtteparti, og det største partiet i Russland. Sjojgu er ein av dei mest framståande politikarane i dette partiet.

Sjojgu har rang av general i hæren. Han er gift og har to døtrer.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sergej Sjojgu