Serpent er eit slangeforma bassblåseinstrument i zinkfamilien. Instrumentet var i bruk frå 1500-talet til 1800-talet, og er stamfar til bass-horn, russisk fagott og ophicleide.

Serpent

Messingblåseinstrument
Klassifiseringkeyed chromatic trumpets
Hornbostel-Sachs klassifisering423.21
UtviklaEtter 1500

Serpentar er vanlegvis laga av to stykke valnøttre som er uthola og skore til ønskt fasong. Trestykka blir deretter limde saman for å danna eit konisk røyr som kvan variera frå ca. 15 millimeter ved bøyelen til ca. 10 cm ved botnen. Røyret blir styrkt ved at ein dekkjer det med skinn. Toppen blir avslutta med ein messingbøyel og koppforma munnstykke. Røyret er gjennombora med seks fingerhol, tre for høgre hand og dei andre for venstre. Når alle hola er lukka produserer instrumentet ein grunntone og opptil 7 tonar i den harmoniske rekkja over ho, avhengig av ferdigheitene til utøvaren i overblåsing.

Kvart av hola som blir opna i sin tur gir same type harmoniske rekkje over ein ny grunntone, og ein kan dermed oppnå eit kromatisk omfang av tre oktavar ved hjelp av berre seks hol. Hola er plasserte langs røyret slik at det er enklare å dekkja dei til med fingrane og er av svært liten diameter, noko som gjev ein negativ påverknad på intonasjon og klang. For å retta opp på dette blei nokre seinare instrument utstyrte med klaffar på same måten som ophicleide, noko som gjorde det mogleg å plassera hola i omtrent rett akustisk posisjon.

Kjelder

endre

Litteratur

endre