Serveringsfat

Eit fat er ein stor tallerken som blir brukt til å servera og syna fram mat på, særleg ved høgtidelege høve.

Greske forretter på eit metallfat.
Eit ostefat.

Fat kan vera runde, ovale eller firkanta, og vera enkle eller dekorerte med bilete eller utskjeringar. Ein kan laga fat av mange ulike material, som keramikk, metall eller plast.

Nokre matretter er særskild vanlege å by fram på fat, til dømes kaker, ostemåltid og kanapéar.

Sjå ògEndra