Sesam
Sesam (Sesamum indicum) er ein eittårig planteart i familien Pedaliaceae, kjend for sine oljerike frø.
Sesam | |
Sesam | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Pedaliaceae |
Slekt: | Sesamum |
Art: | Sesam S. indicum |
Vitskapleg namn | |
Sesamum indicum |
Sesamplanten er ein steppegrasplante med opprette, forgreina og tetthåra stenglar. Han blir ca. 90 cm høg. Blada er lansettforma. Blomane er kvite og traktforma og blir ca. 3 cm lange. Frukta er ein kapsel med talrike flate frø. Planten har ei sterk lukt.
Sesamfrø kan brukast som eit mildt krydder og til bakverk. Frøa inneheld opptil 50 % olje, sesamolje, som kan stå lenge utan å bli harsk. Ho blir brukt som matolje og til såpe og margarinproduksjon. Pressrestane blir brukt til kraftfôr.
Ein dyrker sesam i Asia, Afrika og Amerika. Planten var kjend av romarane, og har heilt frå oldtida vore dyrka i middelhavslanda.
Kjelder
endre- «Sesam: plante». Store norske leksikon. 15. februar 2009. Henta 11. november 2017.