Setergråurt er ein art i korgplantefamilien. Urta har ei amfi-atlantisk utbreiing. Planta vert kring 20 cm høg. Ho har silkelodne blad med tre nervar, øvre støtteblad står rett ut. Blomane har svartbrune korgdekkblad. Setergråurt blomstrar kring juli månad på enger og i skogar til fjells. Ho veks i alle fjelltrakter i Noreg, og også ned i låglandet. Arten er funnen opp til 1780 m i Jotunheimen.

Setergråurt
Setergråurt
Setergråurt
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Stamme: Gnaphalieae
Slekt: Gråurt Gnaphalium
Art: Setergråurt G. norvegicum
Vitskapleg namn
Gnaphalium norvegicum

Kjelder

endre
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Setergråurt