Sextus Julius Frontinus
Sextus Julius Frontinus, fødd kring 40. e.Kr., d. 103 , var ein romersk ingeniør og offiser.
I år 70 blei Frontinus praetor, og frå 76 til 78 var han statthaldar i Britannia, der han viste stor militær dugleik. Frontinus var konsul fleire gonger, og var òg kjend som teknisk forfattar. Stil hans er enkel, men akta. Blant skrifter som er att etter han kan ein merka seg Strategemata (Krigslister) i 3 bøker og De aquis urbis Romæ, ein tekst om det romerske vassleiingssystemet som han var sjef for i år 97.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sextus Julius Frontinus» frå Wikipedia på svensk, den 15. juli 2024.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Svensk uppslagsbok, Malmö 1932.