Shafir
Shafir (hebraisk skrift שָׁפִיר) er ein moshav sør i Israel. Han ligg i Shephelah nær Kiryat Malakhi og høyrer til Shafir regionale kommune. I 2006 hadde han 499 innbyggjarar.
Shafir | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Vest-Negev | ||
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Kommune | Shafir | ||
Koordinatar | 31°41′48″N 34°43′43″E / 31.69667°N 34.72861°E | ||
Folketal | 842 (2015) | ||
Grunnlagd | 1949 | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
Shafir 31°41′48″N 34°43′43″E / 31.696666666667°N 34.728611111111°E | |||
Kart som viser Shafir.
| |||
Wikimedia Commons: Shafir |
Shafir vart grunnlagd den 15. august 1949 av immigrantar frå Ungarn og Tsjekkoslovakia. Han vart kalla opp etter den bibelske byen Shafir som er nemnt i Mika 1:11, og som òg tyder «god og vakker».[1] Han er bygd nær den avfolka palestinske landsbyen Al-Sawafir al-Shamaliyya,[2] på landområdet som høyrte til landsbyen Al-Sawafir al-Sharqiyya.[3]
I 1956 opna ein fedayeen eld mot ei synagoge full av barn og tenåringar. Tre barn og ein ung arbeidar vart drepne, medan fem andre vart skadde, tre alvorlege.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shafir» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains: The Palestinian Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- Morris, Benny (2004), The Birth Of The Palestinian Refugee Problem Revisited, Cambridge University Press, ISBN 0-521-00967-7
- ↑ Vilnai, Ze'ev (1980). «Shafir (b)». Ariel Encyclopedia. Volume 8. Israel: Am Oved. s. 7996. (he)
- ↑ Morris (2004), s. xxi, settlement #64
- ↑ Khalidi, 1992, s.135
- ↑ «Which Came First- Terrorism or Occupation - Major Arab Terrorist Attacks against Israelis Prior to the 1967 Six Day War». Det israelske utanriksdepartmentet. 31. mars 2002.