Shakhura (arabiskشاخورة , stundom skrive Shakura) er ein landsby som ligg nord og sentralt i Bahrain. Det er ein del av Nordguvernementet. Landsbyen er kjend for dei mange gravhaugane, som er nominert til å bli ein verdsarvstad.[1]

Shakhura
landsby
Land  Bahrain
Guvernement Nordguvernementet
Koordinatar 26°13′N 50°30′E
Kart
Shakhura
26°13′0″ N 50°30′0″ E

Historie endre

Det ligg ein eldgammal nekropolis i Shakhura, datert attende til Tylos-tida.[2] Staden var estimert å ha vore busett frå kring 200-talet fvt. til 300-talet evt.[2] Av særleg interesse var ein 80 meter lang og opp mot 12 meter høg gravhaug.[2] Haugen vart øydelagd i 1990-åra for å gjere plass til moderne bygningar.[2]

Kjelder endre

  1. AL A'ALI, MOHAMMED (25. mai 2010). «Call to protect burial mounds». Gulf Daily News. Henta 2. september 2017. [daud lenkje]
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Michael Rice, Harriet E. W. Crawford (2000). Traces of Paradise: The Archaeology of Bahrain 2500 BC-300 evt. I.B. Tauris. s. 142. ISBN 9780953866601. [daud lenkje]