Nekropolis (gresk for «døde-by», av nekros, «død», og polis, «by») er ei nemning på ein større gravstad nær antikke stader eller byar.[1] Omgrepet er frå seinlatin, opptatt frå gresk νεκρόπολις, nekropolis, som viste til ein særskild gravstad i nærleiken av byen Alexandria, katakombane ved Kom El Shoqafa.[1]

Inngang til eit kapell i katakombane ved Kom El Shoqafa i Alexandria i Egypt. Ein av dei tre etasjane i nekropolisen frå gresk-romersk tid på 100-talet.

Omgrepet inneber ein særskild gravstad eit stykke unna ein by i motsetninga til graver innanfor ein by, noko som var vanleg på ulike stader og i ulike periodar i historia. Dei er forskjellige frå gravfelt som ikkje har leivningar over bakken. Nekropolis kan òg visa til samlingar av graver under bakken i katakombar, hogde inn i berget med eigne avlukke for leivningane. Medan omgrepet vanlegvis er øyremerkt antikke stader, har det òg blitt nytta for ein del nyare kyrkjegardar, som Glasgow Necropolis.

Historie endre

 
Mastabaer i Giza nekropolis med Khafrepyramiden i bakgrunnen.

Giza nekropolis i oldtidens Egypt er ein av dei eldste og truleg den best kjende i verda sidan Pyramidekomplekset ved Giza var inkludert i dei sju underverka i antikken. I tillegg til pyramidane, som var gravstader for faraoane, hadde dei egyptiske nekropolisane mastabaer («æve-hus») som var gravferdsmonument for dei eldste kongane av landet.[2] Seinare, då ein hadde utvikla tradisjonen med å gravleggja kongane (faraoane) i pyramidar, blei mastabaer den føretrekte gravtypen for det næraste hoffet til kongen, som vesiren og dei øvste embetsmennene. Det er sæleg tydeleg på Gizaplatået, der det blei reist hundrevis av mastabagraver ved sida av pyramidane.[3][4]

Naqsh-e Rustam er ein persisk nekropolis frå oldtida som ligg rundt 12 km nordvest for Persepolis i det som i dag er provinsen Fars i Iran. Det eldste relieffet her er datert til rundt 1000 f.Kr. Sjølv om det er hardt øydelagt gjev det eit vagt bilde av ein mann med eit uvanleg hovudplagg og er antatt å vera av elamittisk opphav, eit oldtidsrike aust for Sumer og Akkad. Bildeframstillinga er ein del av eit større bilde, der det meste blei fjerna på ordre av Bahram II av Persia på midten av 200-talet. Fire graver for akamenidekongane er hogne ut av fjellet i ei betydeleg høgd over bakken. Gravene er lokalt kjende som «persiske krossar» etter forma på fasaden. Seinare la sasanidekongane til ei rekkje relieff hogge ut over gravstaden.[5][6]

 
Nekropolisen Naqsh-e Rustam. Rekkefølgja på gravene frå venstre: Dareios II, Artaxerxes I, Dareios I og Xerxes I.

I mykensk tid, bronsealderperioden som er datert før den greske antikken, kunne graver ofte utførast på innsida av byen. Til dømes blei dei kongelege gravene i MykenePeloponnes plasserte i eit eige område innanfor bymurane. Dette endra seg i løpet av den antikke greske perioden då nekropolisar vanlegvis blei lagt på linje med vegane utanfor byen. Det var ein del variasjonar innanfor den antikke greske verda. Sparta, som klynga seg til arkaiske tradisjonar lengre enn andre greske bystatar, var kjent for å fortsetja praksisen med graver innanfor byen.[7]

 
Gravhaug plassert langs ei gate i Banditaccia nekropolis i Cerveteri.
 
Etruskisk sarkofag med måla keramisk figur på lokket.

Etruskarane, eit oldtidsfolk i sentrale Italia før romarane, tok konseptet med «byen til dei døde» heilt bokstaveleg. Den typiske grava i nekropolisen Banditaccia ved Cerveteri i nordlege Latium består av ein gravhaug som dekker ein eller fleire underjordiske graver som er hogde ut av fjellet. Desse gravene består av talrike kammer og var omfattande dekorert som dei samtidige bustadhusa til etruskarane. Arrangementet i gravhaugen var eit rutenett med gater som gav han ei framtoning tilsvarande byane til dei levande.[8] Kunsthistorikaren Nigel Spivey meiner at nemninga gravlund er utilstrekkeleg og argumenterer at nemninga nekropolis kan rettferdiggjerast for slike sofistikerte gravstader.[9][10] Etruskiske nekroplisar var vanlegvis plasserte på bakketoppar eller i skråningar.[11]

I Roma i antikken gravla familiar slektningane sine i heimane sine grunna den romerske praksisen med forfedredyrking. Tolvtavleloven (latin lex duodecim tabularum) frå 449 f.Kr. la ned forbod mot dette og å gravlegga nokon innanfor bymurane, slik at romarane måtte tilpassa seg praksisen med å gravlegga dei døde i nekropolisar.[12]

Moderne tid endre

Glasgow Necropolis er ein viktoriansk gravlund i Glasgow i Skottland. Han ligg på ei låg, men framståande høgd aust for Glasgowkatedralen (Sankt Mungos katedral). Femti tusen er blitt gravlagde her, men typisk for perioden er at berre ein liten prosentdel er namngjevne på monument, og ikkje alle graver har ei steinmarkering. Det er rundt 3 500 monument her. Gravstaden blei offisielt opna i april 1832.[13] Staden blei omtalt av arkitekturhistorikaren James Stevens Curl som «bokstaveleg ein by av døde.»

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «necropolis (n.)», Online Etymology Dictionary
  2. «Mastaba: definition», Collins Dictionary
  3. Reisner, George A. (1934): The History of the Egyptian Mastaba Arkivert 2015-12-11 ved Wayback Machine. (PDF), Le Caire Imprimerie De L’institut Francais D’archéologie Orientale
  4. «The mastaba of Meryre-Nefer», Osirisnet
  5. «Naghsh-e-Rostam», Marvdasht
  6. Lendering, Jona (2009): «Naqsh-i Rustam», Livius.org
  7. Erasmo, Mario (2012): Death: Antiquity and Its Legacy, London: I.B. Tauris, ISBN 9781848855571, s. 74
  8. Gardner, Helen; Kleiner, Fred S. (2010): Gardner's Art Through the Ages: The Western Perspective, Boston, MA: Cengage Learning, ISBN 9780495573555, s. 148
  9. Worpole, Ken (2003): Last Landscapes: The Architecture of the Cemetery in the West, London: Reaktion Books, ISBN 9781861891617, s. 79–84
  10. Spivey, Nigel; Squire, Michael (2004): Panorama of the Classical World, London: Thames & Hudson Ltd., ISBN 9781606060568, s. 17.
  11. Erasmo, Mario (2012): Death: Antiquity and Its Legacy, London: I.B. Tauris, ISBN 9781848855571, s. 76–77.
  12. Kyle, Donald G. (1998): Spectacles of Death in Ancient Rome, London: Routledge, ISBN 9781134862719, s. 145.
  13. Glasgow Necropolis Heritage Trail, Glasgow City Council

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nekropolis