Sharon Tandy
Sharon Tandy (fødd Sharon Finkelstein 18. september 1943–21. mars 2015)[1] var ein sørafrikansk songar som fekk noko suksess i Storbritannia i 1960-åra med blue-eyed soul og psykedelisk rock. I 1966 spelte ho inn nokre songar for Stax, som var sjeldan for ein kvit songar. Ho hadde òg fleire hittar i Sør-Afrika i 1970-åra.
Sharon Tandy | |||
Sharon Tandy (nederlandsk TV, 1968) | |||
Fødd | 18. september 1943 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Johannesburg i Sør-Afrika | ||
Død | 21. mars 2015 (71 år) | ||
Dødsstad | London i England | ||
Fødenamn | Sharon Finkelstein | ||
Opphav | Sør-Afrika | ||
Aktiv | 1965–2015 | ||
Sjanger | Blue-eyed soul, freakbeat | ||
Instrument | vokal | ||
Tilknytte artistar | Les Fleur de Lys Booker T. & the M.G.'s Isaac Hayes | ||
Plateselskap | Pye Records, Mercury Records, Atlantic Records | ||
Verka som | songar |
1960-åra
endreTandy budde i Johannesburg i Sør-Afrika då ho spelte i den første beat-filmen frå Sør-Afrika, Africa Shakes,[2] og flytta til England i 1964 etter forslag frå Frank Fenter, som leia den britiske avdelinga av Atlantic Records. Dei gifta seg seinare. Ho gav ut fleire singlar mellom 1965 og 1969, men fekk ingen hittar.
I 1966 spelte ho inn songar for Stax Records i studio i McLemore Avenue, akkompagnert av Booker T. & the M.G.'s og Isaac Hayes,[3] og var oppvarmingsartist under den europeiske Stax/Volt-turneen i 1967. Det året slo ho seg òg saman med eit anna av Fenter sine band, Les Fleur de Lys og spelte inn fleire singlar for Atlantic og deltok ein gong på John Peel sitt «Top Gear».[4] Ho spelte inn ein singel for Polydor i 1967 under namnet «Debrah Aire» med meir poporienterte songar, men dette selde òg dårleg. Kombinasjonen av lite suksess og at ekteskapet med Fenter tok slutt førte til at ho drog attende til Sør-Afrika i 1970..[5]
Seinare karriere
endreSom eine halvdelen i forskjellige duoar, fekk Tandy tre hittar i Sør-Afrika mellom 1972 og 1978, men ho fekk elles lite suksess. I 1989 var ho med i den sørafrikanske boksefilmen Brutal Glory som songar.[6]
Sharon Tandy døydde 21. mars 2015 etter lang tids sjukdom.[1]
Diskografi
endreSinglar
endre- 1960-åra
- 1965 – «Now That You've Gone» / «Hurtin' Me» (Pye Records 7N 15806)[7]
- 1965 – «I've Found Love» / «Perhaps Not Forever» (Pye 7N15939)[8]
- 1965 – «It's An Uphill Climb to the Bottom» / «Don't Be Proud» (Polydor NH 58103, withdrawn)[8]
- 1966 – «Love Makes the World Go Round» / «By My Side» (Mercury Records MF 898)[9]
- 1967 – «Toe Hold» / «I Can't Get Over It» (Atlantic 584 098)[10][11]
- 1967 – «Stay with Me» / «Hold On» (Atlantic 584 124)
- 1967 – «Our Day Will Come» / «Look And Find» (Atlantic 584 137)
- 1967 – «This Land of Mine» / «What The World Needs Now Is Love» (Polydor 56180) credited to «Debrah Aire»
- 1968 – «Fool on the Hill» / «For No One» (Atlantic 584 166)
- 1968 – «Love Is Not A Simple Affair» / «Hurry Hurry Choo Choo» (Atlantic 584 181)
- 1968 – «You've Gotta Believe It» / «Border Town» (Atlantic 584 194)
- 1968 – «The Way She Looks at You» / «He'll Hurt Me» (Atlantic 584 214)
- 1968 – «Hold On» / «Daughter of the Sun» (Atlantic 584 219)
- 1969 – «Gotta Get Enough Time» / «Somebody Speaks Your Name» (Atlantic 584 242)
- 1969 – «Two Can Make It Together» / «The Bitter and the Sweet» (Atlantic 584 262)[12][13]
- 1970-åra i Sør-Afrika
- 1972 – «Hello-A» (duett med Billy Forest), nr. 5[14]
- 1977 – «I Believe in You» (duett med Graham Clark), nr. 9[14]
- 1978 – «Welcome Home» (som Harvest, duett med Dave Ornellas), nr. 10[15]
Album
endre- Solo
- 2004 – You Gotta Believe It's (compilation of 1960-åra UK singles)[3]
- Som gjesteartist
- 1970 – Five Day Rain (sjølvoppkalla album)[16]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sharon Tandy» frå Wikipedia på engelsk, den 29. august 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Alec Palao, «Sharon Tandy», Ace Records, 27. mars 2015
- ↑ Warburton, Nick. «Beat Merchants and the Underground Legends». Rock.co.za. Henta 29. august 2019.
- ↑ 3,0 3,1 «You Gotta Believe It's». Acerecords.co.uk. Arkivert frå originalen 24. mars 2012. Henta 29. august 2019.
- ↑ featuring «Always Something There to Remind Me», «Our Day Will Come» and «Hold On» «Reviews January 2005». Terrascope.co.uk. Henta 29. august 2019.
- ↑ «Five Foot Two, Eyes of Blue». Officenaps.com. 19. mars 2007. Arkivert frå originalen 29. august 2019. Henta 29. august 2019.
- ↑ Mal:Imdb title
- ↑ «Sharon Tandy – Discography». 45cat.com. Henta 3. januar 2009.
- ↑ 8,0 8,1 «Sharon Tandy discography». Record Collector (296). Henta 29. august 2019.
- ↑ «45Cat Record Database». 45cat.com. Henta 3. januar 2009.
- ↑ «45 Discography for Atlantic Records – UK (Polydor)». Globaldogproductions.info. Henta 3. januar 2009.
- ↑ some listings cite the B side as «I Can't Let Go», whereas the disc itself bears this title
- ↑ duet as «Tony (Head) & Tandy»
- ↑ a different version of this release exists as Atlantic 2091-075 in which the B side is «Look and Find»
- ↑ 14,0 14,1 «SA Charts 1969 – 1989». Rock.co.za. Henta 29. august 2019.
- ↑ «SA Charts 1969 – 1989». Rock.co.za. Henta 29. august 2019.
- ↑ «Five Day Rain». Progressor.net. Henta 29. august 2019.