Our Day Will Come
Our Day Will Come av Ruby & the Romantics frå albumet Our Day Will Come | ||
B-side |
«Moonlight And Music» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1963 | |
Sjanger | R&B | |
Lengd | 2:32 | |
Selskap | Kapp Records K-501X | |
Komponist | Mort Garson | |
Tekstforfattar | Bob Hilliard | |
Låtskrivar(ar) | Bob Hilliard, Mort Garson | |
Produsent | Allen Stanton | |
Ruby & the Romantics-kronologi | ||
Our Day Will Come | «My Summer Love» (1963)
|
«Our Day Will Come» er ein popsong skriven av Bob Hilliard og Mort Garson. Songen vart ein stor hit for Ruby & the Romantics i 1963 og nådde toppen av singellista i USA.
Ruby & the Romantics-versjonen
endreLåtskrivarane ønskte opphavleg å la ein etablert easy listening-artist spele inn songen, og gjekk berre med på å la den nye R&B-gruppa Ruby & the Romantics få spele inn songen etter at A&R-direktøren i Kapp Records, Al Stanton, lovde at om ikkje Ruby & the Romantics fekk ein hit med singelen, så skulle Jack Jones spele inn songen. Stanton spelte inn to versjonar av «Our Day Will Come» med Ruby & the Romantics, ein i middels tempo og ein annan i bossanovastil. Den sistenemnde hadde ein klassisk Hammondorgel-solo. og vart vald ut som singelutgåva i desember 1962. Denne nådde toppen av Billboard Hot 100 i mars året etter. «Our Day Will Come» gjekk til 11. plassen i Australia og 38. plassen i Storbritannia.[1] Medverkande på den originale innspelinga var Leroy Glover på orgel, Vinnie Bell, Al Gorgoni og Kenny Burrell på gitar, Russ Savakus på bass, Gary Chester on trommer og George Devens på perkusjon.
Amy Winehouse version
endreOur Day Will Come av Amy Winehouse frå albumet Lioness: Hidden Treasures | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 4. desember 2011 | |
Innspelt | Mai 2002 [2] | |
Sjanger | ||
Selskap | Island[2] | |
Komponist | Mort Garson | |
Tekstforfattar | Bob Hilliard | |
Låtskrivar(ar) | Bob Hilliard og Mort Garson | |
---|---|---|
Produsent | Salaam Remi[2] | |
Amy Winehouse-kronologi | ||
«Body and Soul» (2011) |
Our Day Will Come | Cherry Wine (2012)
|
Amy Winehouse spelte inn songen for debutalbumet sitt Frank i 2002, men spelte han inn på ny. Den nye versjonen vart gjeve ut på den posthume utgjevinga Lioness: Hidden Treasures og som singel i november 2011. Det var den første singelen til Winehouse sidan «Love Is a Losing Game» i 2007 (ein duett me Tony Bennett på «Body and Soul».
Produsenten Salaam Remi, som hadde arbeidd med Winehouse på albuma Frank og Back to Black, i tillegg til den posthume samlinga, sa at «Our Day Will Come» var ein gripande påminning om talentet hennar. Musikkvideoen til «Our Day Will Come» var ein montasje av Winehouse gjennom karrieren hennar, med klipp frå andre musikkvideoar, konsertopptak og pressebilete.
Lister
endreListe (2011–12) | Plassering |
---|---|
Belgia (Ultratop 50 Flandern)[3] | 48 |
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[4] | 48 |
European Hot 100 | 15 |
Frankrike (SNEP)[5] | 54 |
Ungarn (Rádiós Top 40)[6] | 27 |
Island (Lagalistinn)[7] | 5 |
Liste (2011–12) | Plassering |
---|---|
Japan (Japan Hot 100)[8] | 14 |
Nederland (Mega Single Top 100)[9] | 52 |
Spania (PROMUSICAE)[10] | 26 |
Sveits (Schweizer Hitparade)[11] | 69 |
UK Singles (Official Charts Company)[12] | 29 |
Andre versjonar
endreAndre artistar som har spelt inn songen er
- April 1963: Billy Fury på albumet Billy
- Mai 1963: Julie London på albumet hennar The End of the World
- Juni 1963: Blossom Dearie på albumet hennar Blossom Dearie Sings Rootin' Songs
- Juli 1963: Bobby Darin på albumet 18 Yellow Roses & 11 Other Hits
- September 1963: Patti Page på albumet hennar Say Wonderful Things
- Desember 1963: Brenda Lee på albumet hennar Let Me Sing
- 1963: George Chakiris på albumet You're Mine, You
- 1963: Les Compagnons de la chanson som «Ce Jour Viendra» på EPen Vol. 4
- 1963: The Earls på albumet Remember Me Baby
- 1963 Percy Faith and his Orchestra på albumet Themes for Young Lovers
- 1963: Dee Dee Sharp på albumet hennar Do the Bird
- Januar 1964: Bobby Rydell på albumet The Top Hits Of 1963
- September 1964: Pat Boone på albumet Boss Beat
- November 1964: Julie Rogers - B-side av «Like a Child» #21
- 1964: Betty Everett og Jerry Butler på albumet Delicious Together
- 1964: The Lennon Sisters på albumet #1 Hits Of The 1960's
- 1964: Trini Lopez på albumet The Love Album
- 1964: Nancy Wilson på albumet hennar Today, Tomorrow, Forever
- 1964: Sonny Stitt og Bennie Green på albumet My Main Man
- Mars 1965: Doris Day på albumet hennar Latin for Lovers, arrangert av Mort Garson.
- 1965: Willie Bobo på albumet Spanish Grease
- 1965: The Supremes spelte inn songen for albumet There's a Place for Us, men han vart ikkje gjeven ut før 2005. Mary Wilson var solosongar på innspelinga.
- Februar 1966: Cher spelte inn ein versjon for albumet The Sonny Side of Chér. Songen var B-side til hitten «Bang Bang (My Baby Shot Me Down)». Cher-versjonen vart òg gjeven ut som ein eigen singel i november 1972.
- Oktober 1966: Cliff Richard på albumet Kinda Latin
- November 1966: Herb Alpert and The Tijuana Brass - B-side på singelen «Mame» #19/ album: SRO
- 1966: Fontella Bass på albumet hennar The 'New' Look
- 1966: James Brown på albumet Handful of Soul
- 1966: Claire Lepage som «Ce Jour Viendra» på albumet hennar Bang! Bang!
- 1966: Chris Montez på albumet Time After Time
- 1966: The Vibrations på albumet New Vibrations
- 1967: Buddy Merrill på albumet The Many Splendored Guitars Of Buddy Merrill
- 1967: Sharon Tandy (single)
- 1967: Cal Tjader på albumet Along Comes Cal
- 1967: We Five på albumet Make Someone Happy
- Mai 1968: The Lettermen på albumet Goin' Out of My Head
- 1968: Jimmy Castor på albumet Hey Leroy
- 1968: Toni Lamond på EPen hennar A Touch of Toni
- 1968: Inga Sulin som «Kun Aika» på albumet hennar Niinkuin Jokainen
- 1969: Classics IV på albumet Traces
- 1969: Spiral Starecase på albumet More Today Than Yesterday
- 1970: Isaac Hayes på albumet ...To Be Continued
- 1970: The Peter Ivers Band med Asha Puthli (gjeve ut i 2009)
- 1972: Charles Brown på albumet Driftin' Blues
- 1972: Bobby Vinton på albumet Sealed with a Kiss
- Juni 1973: Lorna Luft (singel)
- 1973: The Carpenters på albumet Now & Then
- August 1974: The Undisputed Truth på albumet Down to Earth
- Mai 1975: Charity Brown - B-side til singelen «Take Me in Your Arms (Rock Me a Little While)» #5/ album: Charity Brown
- Mai 1975: Carl Carlton - B-side til singelen «Morning, Noon and Nightime» R&B#71 / album Everlasting Love
- Oktober 1975: Frankie Valli - singel med Patti Austin #11 - album Our Day Will Come
- 1976: Cascade som «Korvissa Soi» på albumet Cascade
- 1976: Willem Breuker Kollektief på albumet Live in Berlin
- 1979: Esther Phillips på albumet hennar Here's Esther Are You Ready
- Juni 1982: David Frizzell og Shelly West: B-side til singelen deira «I Just Came Here to Dance» C&W #4/ album The David Frizzell & Shelly West Album
- 1982: Dionne Warwick på albumet hennar Heartbreaker
- 1983: Tony Joe White på albumet Dangerous
- 1989: k.d. lang for filmen Shag.
- Desember 1994: Ronald Muldrow på albumet Facing Wes
- 1994: Pete Anderson på albumet Working Class
- 2. april 1996: The Slackers med Doreen Schaefer på albumet Better Late Than Never
- 1996: Christina Aguilera spelte inn ein demoversjon i 1996 som kom ut på Just Be Free i 2001.
- 1998: Linda Purl på albumet hennar Alone Together
- 2001: James Darren på albumet Because of You
- 2003: Jimmy Ponder på albumet Alone
- 26. september 2005: Jamie Cullum på albumet Catching Tales
- 2005: Bobby Caldwell på albumet Perfect Island Nights
- 2007: Waldeck på albumet Ballroom Stories
- 2012: Katharine McPhee som Karen Cartwright i NBC-serien Smash.
- 2015: Naya Rivera som Santana Lopez, Heather Morris som Brittany S. Pierce, Chris Colfer som Kurt Hummell og Darren Criss og Blaine Anderson i TV-serien Glee.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Our Day Will Come» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Jay Warner. American singing groups: a history from 1940 to today; Hal Leonard Corporation; Milwaukee WI (2006) p.445 ISBN 0-634-09978-7
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Lioness: Hidden Treasures Announcement». Amywinehouse.com. Arkivert frå originalen 25. juli 2012. Henta 1. juli 2014.
- ↑ "Ultratop.be – Amy Winehouse – Our Day Will Come" (på nederlandsk). Ultratop 50. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Ultratop.be – Amy Winehouse – Our Day Will Come" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Lescharts.com – Amy Winehouse – Our Day Will Come" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.
- ↑ "Archívum – Slágerlisták – MAHASZ – Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége" (på ungarsk). Rádiós Top 40 játszási lista. Magyar Hanglemezkiadók Szövetsége.
- ↑ «Iceland Official Top 30 airplay chart - Lagalistinn». tonlist.is. Arkivert frå originalen 9. oktober 2014. Henta 30. desember 2011.
- ↑ "Winehouse?f=848&g=Singles Amy Winehouse Album & Song Chart History" Japan Hot 100 for Amy Winehouse. Prometheus Global Media.
- ↑ "Dutchcharts.nl – Amy Winehouse – Our Day Will Come" (på nederlandsk). Mega Single Top 100. Hung Medien / hitparade.ch.
- ↑ "Spanishcharts.com – Amy Winehouse – Our Day Will Come" Canciones Top 50. Hung Medien.
- ↑ "Amy Winehouse – Our Day Will Come – swisscharts.com". Den sveitsiske singellista. Hung Medien.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.