Wisconsin Range
Wisconsin Range er ei stor fjellkjede i Horlick Mountains i Antarktis. Ho består av Wisconsin Plateau og fleire isbrear, ryggar og toppar som grensar til Reedybreen, Shimizu-straumen, Horlick-straumen og Polarplatået.[1]
Wisconsin Range | |||
fjellkjede | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Marie Byrd Land | ||
- koordinatar | 85°45′S 125°00′W / 85.750°S 125.000°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Wisconsin Range 85°45′S 125°00′W / 85.75°S 125°W | |||
Fjellkjeda vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1959-64. Ho vart namngjeven av US-ACAN etter University of Wisconsin–Madison i Madison i Wisconsin, som har sendt mange forskarar til Antarktis.[1]
Wisconsin Plateau dekkjer det meste av fjellkjeda med ei stor iskappe på over 2800 moh i aust og søraust. Platået heller slakt nedover og med berre få isskrentar i det indre av platået. I nord og vest er platået bratte med skrenter og fjellveggar på over 1000 meter. Platået vart kartlagd av USGS frå landmålingar og flyfoto tekne av U.S. Navy, 1960-64. Det vart namngjeve av US-ACAN i samband med Wisconsin Range.[2]
Fjell
endreFjell | Høgd (moh) |
---|---|
Faure Peak | 3940 |
Mount Minshew | 3895 |
Mount LeSchack | 2265 |
Koopman Peak | 2200 |
Mount Soyat | 2150 |
Sheets Peak | 1800 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Wisconsin Range» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mars 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Wisconsin Range». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
- ↑ «Wisconsin Plateau». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. mars 2013.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Wisconsin Range» (innhald frå Geographic Names Information System).