Shennongjia (kinesisk skrift 神农架林区; pinyin Shénnóngjià Línqū) er eit skogsdistrikt på fylkesnivå heilt vest i provinsen Hubei i Folkerepublikken Kina, på grensa mot Chongqing. Distriktet ligg direkte under provins-styresmaktene. Shennongjia har eit areal på 3 253 km² og hadde 76 410 ibuarar i 2010. Eit naturreservat som vart etablert i 1986 dekker eit område på 2 618 km².

Teplantasjar ved byen Muyu i Shennongjia
Plasseringa av Shennongjia (gul) i Hubei

Landskapet Shennongjia er dominert av skogkledde fjell og djupe dalar. Høgste toppane i fjellkjeda Daba Shan, som når opp 3 105 meter over havet, ligg innanfor distriktet. Dei store naturlege variasjonane i området gjev veksttilhøve for mange ulike plantevekstar, kinesiske botanikarar har påvist 3 479 høgreståande planter innanfor eit avgrensa felt.[1]

Shennongjia er det einaste landområdet i Kina med status som administrativt skogdistrikt.

Notar endre

Kjelder endre