Hubei er ein provins i Folkerepublikken Kina. Provinsen breier seg langs elva Chang Jiang, i det historiske ris-området som høyrer til det subtropisk-tempererte Sør-Kina.

Hubei
provins
Offisielt namn: 湖北, Húběi
Land  Kina
Areal 185 900 km²
Folketal 57 752 557 (2020)[1]
Kart
Hubei
31°12′ N 112°18′ E
Hubei i Kina.
Hubei i Kina.
Hubei i Kina.
Wikimedia Commons: Hubei

Hubei grensar mot provinsane Henan i nord, Anhui i aust, Jiangxi i søraust, Hunan i sør, Chongqing i vest, og Shaanxi i nordvest. Provinsen dekker ei flatevidd på 187 500 km². Folketalet vart i 2010 berekna til 57,2 millionar. Wuhan er hovudstad i provinsen.

Namnet «Hubei» (kinesisk skrift 湖北, pinyin Húběi) tyder 'nord for innsjøen' og viser til plasseringa i høve til Dongtingsjøen.

Geografi endre

Hubei ligg på den store kinesiske sletta (Jianghan), som dekker dei midtre og austlege delane av provinsen. Områda i vest og langs provinsgrensene består for ein del av fjellandskap, med fjellkjeder som Wudangshan, Jing Shan, Daba Shan og det djupe Wu-juvet, rekna frå nord til sør. Fjellområdet Dabie Shan ligg nordaust for sletta, på grensa mot Henan og Anhui, medan Tongbai-fjella reiser seg langs grena mot Henan. I søraust dannar Mufu Shan grense mot Jiangxi. Høgste fjelltoppen i Hubei er 3 105 meter høge Shennong i Daba Shan, i skogsområdet Shennongjia.

 
Fiskarar på elva Fushui i Yangxin i Hubei

Elvane Chiang Jiang og Han Jiang renn gjennom provinsen. Fleire tusen vatn og innsjøar pregar landskapet på den kinesiske sletta (Jianghan), noko som har gitt Hubei namnet «landet med sjøane». Dei største innsjøane er Liangzi og Honghu. Mange demningar er bygt i samband med utnytting av vasskrafta, største dammen er Danjiangkou-reservoaret i Hanshui, i grenselandet mellom Hubei og Henan.

Klima endre

Klimaet er subtropisk med tydeleg åtskilde årstider. Middeltemperaturen ligg mellom 15 og 17 °C. Vintrane er turre med middeltemperaturar på 3-4 °C i januar månad. Somrane er heite og fuktige, middel julitemperatur er mellom 27 og 29 °C. Årleg nedbørsmengd varierer mellom 600 og 1600 mm, opptil 50% kjem i tida juni-august. Områda kring dei store elvane vert då ofte sett under vatn.

Historie endre

 
Dui av bronse frå Krigarrika-tida funnen i Hubei.

I vår- og haustannaltida var territoriet til dagens Hubei del av den mektige staten Chu. Chu var i namnet ei sidegrein av Zhou-dynastiet. Chu fremja den kinesiske sivilisasjonen som hadde vokse fram nokre hundreår tidlegare i nord, men var òg ein eigenmektig stat som rådde over størstedelen av områda kring dei midtre og lågare delane av Chang Jiang, og inn over dei nordkinesiske slettene.

I løpet av dei stridande statars periode, Krigarrika-tida, kom Chu i konflikt med den veksande staten Qin i nordvest. Qin og Chu utkjempa fleire krigar, der Chu mista meir og meir land. Først tapte Chu dominansen over Sichuanbekkenet, deretter i 278 f.Kr. kjerneområdet sitt, som tilsvarar dagens Hubei. I 223 f.Kr. jaga Qin restane av Chu-regimet austover og ut av området.

Qin-dynastiet vart grunnlagt i 221 f.Kr. Han-dynastiet etablerte provinsen Jingzhou i det som no er Hubei og Hunan. Nær slutten av Han-dynastiet vart Jingzhou styrt av krigsherren Liu Biao. Gjennom det meste av 200-talet rådde ulike krigsherrar etter tur over området. Til sist tok staten Wu kontroll over Jingzhou.

 
Tranetårnet blei opphavleg bygd på 200-talet. Her i eit måleri frå Ming-tida.

Nomadiske folk angreip Nord-Kina ved byrjinga av 300-talet, og styrte det nordlege Kina dei neste tre hundreåra. Hubei, som ligg i det sørlege Kina, låg under han-kinesisk styre heile denne perioden, fram til Sui-dynastiet samla Kina i 589. I 617 erstatta Tang-dynastiet Sui. Tang-dynastiet delte Hubei inn i tre krinsar. Etter at Tang-dynastiet vart oppløyst i det 10. hundreåret, kom Hubei under kontroll av fleire regionale regime; Jingnan rådde over sentrumsområdet, Wu, seinare Sør-Tang i aust, og dei fem dynastia i nord.

Song-dynastiet samla Kina på ny i 982 og plasserte det meste av Hubei i rettsdistriktet Jinghubei. Mongolar erobra Kina fullt ut i 1279, dei danna provinsen Huguang, eit område som dekker dagens provinsar Hubei, Hunan, og delar av Guangdong og Guangxi. I 1331, medan Hubei var under mongolsk styre, blei området hardt råka av Svartedauden.[2]

Ming-dynastiet dreiv ut mongolane i 1368. Provinsen Huguang vart redusert i storleik, og svara då omtrent til dagens provinsar Hubei og Hunan. Hubei kom då lenger unna maktsentera i keisarriket.

Dei siste åra av Ming vart området fleire gonger herja av opprørshærar. Det mandsjuiske Qing-dynastiet som hadde erobra Kina i 1644, splitta Huguang opp i dagens provinsar Hubei og Hunan i 1664. Qing-dynastiet heldt fram å styre gjennom ein visekonge i Huguang, ein av dei mest kjende var Zhang Zhidong. Hans reformer moderniserte Hubei, særleg Wuhan, som vart eit sentrum for handel og industri. Huangshi/Daye-området vart eit viktig senter for gruvedrift og metallurgi.

I 1911 fann Wuchangopprøret stad i dagens Wuhan. Qing-dynastiet vart styrta og republikken Kina danna. Wuhan var i 1927 sete for ei regjering grunnlagt av venstreorienterte element av Kuomintang, leia av Wang Jingwei. Denne regjeringa vart seinare lagt inn i Chiang Kai-shek si regjering i Nanjing. Under andre verdskrigen vart dei austlege delane av Hubei erobra og okkupert av Japan, medan dei vestlege delane vart verande under kinesisk kontroll.

Provinsen, særleg Wuhan, leid stor skade under storflaumen i Chang Jiang i 1954. Under kulturrevolusjonen i 1960-åra kom det i Wuhan til kampar mellom rivaliserande fraksjonar av raudegardistane;[3] I juli 1967 vart fleire hundre drepne i væpna konflikt i Wuhan, kalla 20. juli-hendinga.

Frykt for atomkrig auka grunna grensekonfliktar mellom Sovjetunionen og Kina seint på 1960-talet. Xianning-prefekturet i Hubei vart valt ut som staden for å byggje «Prosjekt 131», ein underjordisk militær kommandosentral.[treng kjelde]

Frå 1970 vart Gezhouba-dammen på Chang Jiang bygd nær Yichang. Arbeidet vart fullført i 1988. Bygginga av Tre kløfter-demninga, lengre oppstraums, byrja i 1993. Fleire millionar menneske i det vestlege Hubei vart tvangsflytta frå området som har vorte oppdemt.

Innbyggjarar endre

Han-kinesarar er den dominerande folkegruppa i Hubei. Sørvest i provinsen finst det større grupper av miao og tujiafolk, særleg i Enshi, det autonome prefekturet for tujia og miao.

 
Rismarker i Tongshan fylke

Økonomi endre

Hubei vert ofte kalla «landet med fisk og ris» ( 鱼米之乡 ). Mellom dei viktigaste landbruksvarene er bomull, ris, kveite og te. Andre større næringar er bilproduksjon, metallurgi, kraftproduksjon, maskinindustri, tekstilar, matvarer og høgteknologi.

Gruveselskapa i Hubei driv etter mineral som boraks, wollastonitt, granat, mergel, jarn, fosfor, kopar, gips, rutil, halitt, gull, amalgam, mangan og vanadium. Kolreservane i provinsen er i overkant av 500 millionar tonn, lite samanlikna med andre kinesiske provinsar. Hubei er òg kjent for sine gruver med fin turkis og grøn faustitt.

I tillegg til mange ulike naturressursar har Hubei fleire industrigreiner som er viktige for økonomien. Tradisjonelt var desse knytt til stålindustrien og annan metallindustri, samt tekstilindustrien. I den seinare tid har ein lagt auka vekt på bygging av maskinar, elektronikk og bilar, samt framstilling av kjemiske produkt. Bilindustrien i Hubei er ein av dei tre store i Kina.

Bygginga av Tre kløfter-demninga, som ligg vest i Hubei, gjev tilgang til mykje elektrisk energi som skal hjelpe til med å lokke til seg økonomiske interesser. Demninga vart også bygt for å verne nærområda til elva, som tidlegare ofte vart råka av flaum. Den årlege kraftproduksjonen ved verket er estimert til 84 700 Gwh, når dammen er fylt med vatn.

Samferdsle endre

Provinshovudstaden Wuhan er eit sentralt knutepunkt for jarnbanen. Byen ligg på snøggtogstrekninga mellom Beijing og Guangzhou, og på aust-vest-sambandet frå Shanghai til Kunming og Xi'an. Ferjene på Chang Jiang trafikkerer regelmessig Nanjing og Shanghai i aust, og Chongqing i vest.

Administrasjonseiningar endre

Hubei består av ein subprovinsiell by, elleve bydistrikt og eitt autonomt prefektur. I tillegg er det fire «lågare» einingar, direkte underlagt provinsregjeringa; fire byfylke og eitt skogsområde.

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonsete
 
— Subprovinsiell by —
1 Wuhan 武汉市 Wǔhàn Shì Jiang'an
Byprefektur
2 Ezhou 鄂州市 Èzhōu Shì Echeng
3 Huanggang 黄冈市 Huánggāng Shì Huangzhou
4 Huangshi 黄石市 Huángshí Shì Huangshigang
5 Jingmen 荆门市 Jīngmén Shì Dongbao
6 Jingzhou 荆州市 Jīngzhōu Shì Shashi
7 Shiyan 十堰市 Shíyàn Shì Zhangwan
8 Suizhou 随州市 Suízhōu Shì Zengdu
9 Xiangyang 襄阳市 Xiāngyang Shì Xiangcheng
10 Xianning 咸宁市 Xiánníng Shì Xian'an
11 Xiaogan 孝感市 Xiàogǎn Shì Xiaonan
12 Yichang 宜昌市 Yíchāng Shì Xiling
Autonomt prefektur
13 [[Enshi Tujia og Miao autonome prefektur|Enshi (Tujia & Miao)]] 恩施土家族苗族自治州 Ēnshī Tǔjiāzú Miáozú Zìzhìzhōu Enshi City
— Byprefektur på lågare nivå —
14 Tianmen 天门市 Tiānmén Shì Tianmen
15 Qianjiang 潜江市 Qiánjiāng Shì Qianjiang
16 Xiantao 仙桃市 Xiāntáo Shì Xiantao
— Skogsdistrikt —
17 Shennongjia 神农架林区 Shénnóngjià Línqū Shennongjia

Dei tretten einingane på prefekturnivå og dei fire direktestyrte einingane på fylkesnivå er delt opp i 102 einingar på fylkesnivå (38 distrikt, 24 byar på fylkesnivå, 37 fylke, to autonome fylke, og eitt skogsdistrikt). Desse er i sin tur delt i til saman 1 234 einingar på kommunenivå (737 bykommunar. 215 landkommunar, ni etniske landkommunar, og 273 subdistrikt).

Styresmakter endre

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Ying Yong (frå 13. februar 2020). Guvernøren er Wang Xiaodong (2020).[treng kjelde]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.stats.gov.cn/english/PressRelease/202105/t20210510_1817188.html.
  2. Benedict, C.A. (1996). Bubonic Plague in Nineteenth-century China. Stanford University Press. s. 10. ISBN 9780804726610. 
  3. Thomas W. Robinson (1971). «The Wuhan Incident: Local Strife and Provincial Rebellion During the Cultural Revolution». The China Quarterly (47): 413–18. JSTOR 652320. 

Bakgrunnsstoff endre