Sherkin Island (frå irsk Inis Earcáin) er ei øy sørvest for County Cork i Republikken Irland ved sida av andre øyar i Roaringwater Bay. Ho har om lag 106 innbyggjarar og er 5 km lang og 3 km brei. Ho er kjend for sandstrendene sine, sin flotte kyst og fugleliv. Øya er ein attraksjon for biologar, seglarar og musikarar med Sherkin Island sjøstasjon, den trygge hamna og lange pubkveldar med levande musikk. Det går ferjer frå Sherkin til Schull og Baltimore på fastlandet. Sherkin er ein populær turistdestinasjon sidan det berre tar 10-15 minutt å komme her frå Baltimore, medan turen til naboøyane i Gaeltacht, som Cape Clear (Clear Island), tar om lag 40 minutt.

Sherkin Island is located in
Plasseringa til øya i Irland
Det gamle skulehuset

Bakgrunnsstoff endre

51°29′N 9°26′W / 51.483°N 9.433°W / 51.483; -9.433

Kjelde endre