Shim'a (hebraisk skrift שִׁמְעָה), òg Yonadav (hebraisk skrift יוֹנָדָב), er ein ikkje-religiøs jødisk landsby og israelsk busetjing sør i Judeafjella på den okkuperte Vestbreidda langs Den grøne linja sør for Livneh og Omarim. Han ligg på ei høgd 600 meter over havet og er underlagt Har Hebron regionale kommune. Busetjinga vert, saman med dei andre israelske busetjingane på Vestbreidda, rekna som ulovleg etter folkeretten.[2]

Shim'a
שִׁמְעָה / יוֹנָדָב, Yonadav
israelsk busetjing
Namneopphav: kalla opp etter Shimeah eller Jonadab
Land  Israel
Region Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Kommune Har Hebron
Koordinatar 31°23′16″N 35°0′46″E / 31.38778°N 35.01278°E / 31.38778; 35.01278
Folketal 886 (2021)[1]
Grunnlagd 1982
Kart
Shim'a
31°23′16″N 35°00′46″E / 31.387777777778°N 35.012777777778°E / 31.387777777778; 35.012777777778
Wikimedia Commons: Shim'a

Busetjinga vart først grunnlagd i 1982 som ein militær pionerutpost for Nahal og demilitarisert i 1988. I 2007 budde åtti familiar i Shim'a. Han er kalla opp etter Jonabab son av Shimeah (bror til kong David (2 Samuel 13:3)).

Kjelder endre