Shinigami (死神, shinigami, 'dødsånd') er gudar eller overnaturlege vesen som leier menneske mot døden i ulike tradisjonar i japansk religion og kultur. Shinigamiar er blitt skildra som monster, hjelparar og mørke makter. Dei opptrer i religiøse og andre soger frå Japan.[1]

Japansk religion endre

 
Miyazu i Kyoto prefektur. Statue av Yama (Enma) i Nariai-ji.

I buddhismen er det ein mara knytt til døden, Mrtyu-mara.[2] Dette er ein demon som gjer at menneske ønsker å døy, og det blir sagt at nokon som er besett av han plutseleg vil ønska å ta livet sitt. Denne blir difor stundom omtalt som ein shinigami.[3] I Yogacarabhumi-sastra, eit skrift som tek for seg Yogacara, bestemmer demon kva tid menneske skal døy.[4] Yama, herskaren over Underverda, og oniar som Oksehovud og Hestefjes, er også rekna som ein type shinigami.[5]

 
'Izanami og Izanagi skapar dei japanske øyane' av Eitaku Kobayashi. Izanami er til venstre.

I shinto og japansk mytologi gav Izanami døden til menneskja, så Izanami blir også stundom rekna som ein shinigami.[5][6] Izanami og Yama er likevel haldne som ulike frå dødsgudar i vestleg mytologi.[4][7] Nokre former for buddhisme omfattar ikkje tru på nokre guddommar, så av og til blir det ikkje rekna med at det finst ein dødsgud i det heile.[4]

Klassisk litteratur endre

 
Shinigami frå Ehon Hyaku Monogatari av Shunsensai Takehara

Klassisk litteratur frå edotida nemner shinigamiar som besett menneske. I Ehon Hyaku Monogatari frå Tenpō 12 (1841) er det til dømes ei soge som heiter «Shinigami». Her er shinigamien ånda til ein person som har døydd og har vond vilje. Ho verkar saman med dårlege impulsar som allereie finst i levande menneske til å leia dei på dårlege vegar, og fører til gjentekne handlingar, som at mord eller sjølvmord skjer fleire gonger på same stad.[8]

I kabukispelet Mekuranagaya Umega Kagatobi av Kawatake Mokuami i Meiji 19 (1886) kjem ein shinigami inn i tankane til folk og får dei til å tenkja på dårlege ting dei har gjort og få dei til å ønska å døy.[9] Desse åndene er meir som yūki (det vil seia skrømt og yūrei),[10] eller vonde ånder enn som gudar.

Folketru endre

Shinigamiar er også nemnde i japansk folketru etter krigen. Ifølgje tradisjonen i Miyajima i Kumamoto prefektur må dei som går ut for å sjå til nokon om natta drikka te eller eta ei skål ris før dei søv, viss ikkje kunne ein shinigami vitja dei.[11]

I Hamamatsu-området i Shizuoka prefektur heiter det at ein shinigami kan ta kontroll over folk og leia dei til fjell, kyst eller jernbanar der folk hadde døydd. Desse kan ikkje koma vidare etter døden om ikkje ein ny person døyr der etter dei.[12] Under høgtida higan er det vanleg å vitja graver ved middagstid eller solnedgang, men i Okayama prefektur heiter det at ei gravvitjing ved soloppgang utan ei tidlegare vitjing kan gjera at ein blir besett av ein shinigami. Dersom ein har vitja grava ved solnedgang er det derimot nødvendig å vitja henne att ved soloppgang for å ikkje bli besett.[12] I folketrua er det også eit utbreidd syn at åndene til avdøde som ikkje har hatt nokon til å tilbe seg kan leita etter folk som kan vera i lag med dei.[12]

Førekomst i moderne populærkultur endre

I den japanske mangaserien Bleach er det oppgåva til ein shinigami å senda sjeler vidare til anten himmelen eller helvete.

Også i Death Note er det Shinigami, som bur i Shinigamiriket, ei utanomjordisk verd. Oppgåva deira er å skriva namn på folk som er klar for å døy. Nokon gangar mistar dei boka si ned på jorda og viss eit menneske får tak i den eigarar han/ho ho. Shinigamien følgjer då etter eigaren heile tida sidan det er berre ein som har tatt i den som kan sjå dødsguden.

Kjelder endre

  1. 河野信子編 (1995). 女と男の時空 1. 藤原書店. s. 115. ISBN 978-4-89434-022-0. 
  2. 中村元 (2001). 広説佛教語大辞典 中巻. 東京書籍. s. 720. ISBN 978-4-487-73177-0. 
  3. 大栗道栄 (1997). 図説「理趣経」入門 密教の核心. 鈴木出版. s. 101. ISBN 978-4-7902-1074-0. 
  4. 4,0 4,1 4,2 多田 1997, s. 127–128
  5. 5,0 5,1 七会 2009, s. 168–193
  6. 河野信子編 (1995). 女と男の時空 1. 藤原書店. s. 115. ISBN 978-4-89434-022-0. 
  7. 木村 2007, s. 141
  8. 桃山人 (2006). 桃山人夜話 絵本百物語. 角川ソフィア文庫. 角川書店. s. 131. ISBN 978-4-04-383001-5. 
  9. 河竹黙阿弥 (1970). 河竹黙阿弥集. 名作歌舞伎全集 第12巻. 戸板康二 他監修. 東京創元新社. s. 218. ISBN 978-4-488-02512-0. 
  10. 松村明 編 (2006). 大辞林 (第3版 utg.). 三省堂. s. 2579. ISBN 978-4-385-13905-0. 
  11. 八木三二 (July 1933). «熊本県宮地町地方». 旅と伝説 (第6年7月号): 178. NCID AN00139777
  12. 12,0 12,1 12,2 大藤他 1986, s. 100