Attergangar, gjengangar eller gjenferd er ein avdød som går igjen, det vil seia viser seg for levande.[1] Trua på gjengangarar er kjend frå alle tider og i dei fleste kulturar.[1] Ofte er det vonde menneske som går igjen, eller dei som av einkvan grunn ikkje får fred i døden.[1] Ordet kan brukast synonymt med spøkelse, både i form av ein dauding som står opp frå grava og vandrar omkring med den morkne lekamen sin, og som ei rastlaus ånd som viser seg som ein skygga eller drømmesyn utan fysisk kropp.

Gjengangar eller gjenferd kan brukast synonymt med spøkelse, det vil seia uhyggelege vesen som går igjen etter døden. Biletet viser Gjenferdet (Le Revenant), ein kort stumfilm av Georges Méliès frå 1903 som brukar filmtriks for å framstilla ånda etter ein avliden person.

Omgrepet gjenganger, på dansk genganger eller genfærd og på svensk gengångare, er ofte knytt til skandinavisk folketru. I dei norrøne sogene er spøkelsa skildra som legemlege gjengangarar.

Døme endre

 
Gjenferdet etter ein drukna, her framstilt som eit levande skjelett, freistar å henta eit nytt offer til havet. Måleri frå 1932 av danske Thorvald Niss.

Døme på spesielle typar gjengangar i norsk tradisjon er draugen, eit gjenferd etter ein daud fiskar, og utburd, gjenferd etter eit udøypt barn som er blitt sett ut for å døy. I folketrua finn ein òg den daude mora som viser seg for å åtvara stemora til borna sine.[1]

Dybbuk er gjenferd i jødisk mytologi, yūrei ein uroleg sjel etter ein avliden i japansk mytologi og jiangshi ein «hoppande» vampyr eller zombi i kinesisk tradisjon.

I spiritistisk tradisjon kan medium, personar som fungerer som mellomledd eller formidlingskanal, kommunisera med avlidne. I religiøs tradisjon finst òg trua på gjenoppståing etter døden.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «gjenganger» i Store norske leksikon