Shlomit (hebraisk skrift שלומית) er ein landsby i Negevørkenen sør i Israel, kring 700 meter frå den egyptiske grensa. Busetnaden består av mobile bygg som er venta å bli erstatta av permanente bygg. Det er òg planlagt å byggje eit industriområde og utdanningsinstitusjonar der. I dag bur det kring 30 familiar her, men det er planar om å utvide dette til 500.[1]

Shlomit
שלומית
landsby
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eshkol
Koordinatar 31°12′20″N 34°17′12″E / 31.20556°N 34.28667°E / 31.20556; 34.28667
Grunnlagd 2011
 - Grunnlagd av Etzem Mechina students and alumni
Tilhøyrsle Amana
Kart
Shlomit
31°10′09″N 34°18′19″E / 31.169055555556°N 34.305361111111°E / 31.169055555556; 34.305361111111
Wikimedia Commons: Shlomit

Landsbye ligg i Eshkol regionale kommune. Han vart grunnlagd i samarbeid med Amana Settlement Group Movement, Departementet for utvikling av Negev og Galilea og forvarsdepartementet.[2]

KKL-JNF Argentina er ein stor bidragsytar til utviklinga av Shlomit. [3]

Kjelder endre

  1. Udasin, Sharon (9. september 2015). «'JNF Judaizing Negev at Beduin expense'». The Jerusalem Post. Henta 9. september 2015. 
  2. Curiel, Ilana (31. august 2011). «sionisme overtakes fear on Egypt border». Ynetnews. Henta 1. september 2011. 
  3. The Carmel: From disaster to opportunity