Showa-stasjonen
Showa-stasjonen, stundom òg skrive Syowa,[1] er ein japansk stasjon som ligg på Aust-Ongul i Antarktis. Han vart bygd i 1957 og er kalla opp etter perioden i den japanske kalenderen då han vart oppretta, stasjon er kalla opp etter Showa-tida.
Showa-stasjonen | |||
stasjon | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Dronning Maud Land | ||
- koordinatar | 69°00′S 39°35′E / 69.000°S 39.583°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Showa-stasjonen 69°00′15″S 39°34′55″E / 69.004122°S 39.581836°E | |||
Wikimedia Commons: Shōwa Station (Antarctica) |
Showa-stasjonen tener som forskingsutpost for astronomi, meteorologi, biologi og geovitskapar. Han består av over 60 separate bygningar, store og små, inkludert ein tre etasjars administrasjonsbygning, bustadkvarter, energiverk, kloakkhandsamingsanlegg, miljøfagbygning, observatorium, datahandsamingsanlegg, satellittbygning, ein ioonsfærisk stasjon, forbrenningsomn, ein geovitskapleg bygning og radiosondestasjon. Her er òg drivstofftankar, vassmagasin, solpanelr, ein heliport, eit vassreservoar og ein enorm radiosendar.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Showa Station (Antartica)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: