Shtil, di nakht iz oysgeshternt

«Shtil, di nakht iz oysgeshternt» er ein songtekst skriven av den jødiske diktaren Hirsh Glik frå Vilna i Litauen. Denne songteksten blir gjerne sungen med ein stillfarande folketone som melodi, og er eit sterkt, lyrisk uttrykk for kampvilje og mot.

Teksten handlar om jødiske partisanar som gjekk til åtak på ein tysk militær transport utanfor Vilna i 1942. Mellom dei var den kvinnelege partisanen Vitke Kempner, som Glik sin tekst fokuserer på. I teksten brukar Glik tre ulike jiddische ord for pistolshpayer, nagan og pistoyl.

Hirsh Glik er elles òg kjend for teksten til kampsongen «Zog nit keynmol».

Bakgrunnsstoff

endre