Shtula
Shtula (hebraisk שְׁתוּלָה, tyder Planta) er ein moshav nord i Israel. Han ligg i Øvre Galilea nær den libanesiske grensa og høyrer til Ma'ale Yosef regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 238.
Shtula | |||
moshav | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Galilea | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Ma'ale Yosef | ||
Koordinatar | 33°5′7.94″N 35°18′47.37″E / 33.0855389°N 35.3131583°E | ||
Folketal | 275 (2015) | ||
Grunnlagd | 1967 | ||
• Grunnlagd av | Moshavinnbyggjarar frå Galilea | ||
Tilhøyrsle | Moshavarrørsla | ||
Shtula 33°05′08″N 35°18′47″E / 33.085538888889°N 35.313158333333°E | |||
Kart som viser Shtula.
| |||
Wikimedia Commons: Shtula | |||
Nettstad: www.shtula.org.il |
Moshaven vart grunnlagd i 1967 av moshavinnbyggjarar frå Galilea som ein del av Operasjon Sof Sof, som skulle forsterke det jødiske nærværet i Galilea. Namnet er symbolsk og har ei liknande tyding som den nærliggande Netu'a.
Landsbyen vart åstad for Zar'it-Shtula-hendinga i Libanonkrigen i 2006, der Hizbollah kidnappa to israelske soldatar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Shtula» frå Wikipedia på engelsk, den 7. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
endre- Offisiell nettstad Arkivert 2021-02-26 ved Wayback Machine. (he)